Programrettleiar – Samnanger kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(22 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 06-11-2024
Deadline: 27-11-2024
Programrettleiar
Om stillinga
Spanande stilling som programrettleiar med undervisning knytt til introduksjonsprogrammet for busette ukrainske flyktningar.
Ønskjer du å vera med å utvikla tilbodet i introduksjonsprogrammet til flyktningane? Har du pedagogisk utdanning, anna relevant kompetanse eller erfaring med undervisning? Er du i tillegg positiv, fleksibel og løysingsorientert kan du vera den rette kandidaten me ser etter!
Samnanger kommune har ledig prosjektstilling i 50 % som programrettleiar med oppstart snarast. Stillinga har varigheit ut skuleåret 25/26, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere organisering, undervisning og rettleiing i norsk for vaksne flyktningar, både individuelt og i grupper. Andre relevante arbeidsoppgåver knytt til kvalifisering av busette flykningar vil også kunne forekome. Til dømes organisering og gjennomføring av kurs og aktivitetar retta mot flyktningane.
Kvalifikasjonar
Krav
- Godkjent pedagogisk utdanning
- Eventuelt annan høgskule/universitetsutdanning som er fagleg relevant for stillinga
Ønskjer
- Det er ønskjeleg med utdanning innan norsk som andrespråk/migrasjonspedagogikk og/eller erfaring innan området.
- Det er også ein fordel om du har erfaring med organisering av kurs og aktivitetar til grupper, og erfaring frå arbeid med framandspråklege.
Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og leitar etter deg som er positiv, fleksibel og løysningsorientert.
Du må evne å tenkja nytt og våga å bli med i prosjekt utan at fasiten er klar. Du må og ha evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og vera strukturert og handlekraftig.
Me tilbyr
- Løn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Samnanger kommune orgnr: 987618523 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare. Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv. |
Webside | https://www.samnanger.kommune.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | TYSSE (Adresse: Tyssevegen 217 Postnr: 5650) |
Stillingstype | Prosjekt Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 27-11-2024 |