PP- rådgivar – Klepp kommune, PPT

Health and social care Psykolog

(5 timer siden)

  • KLEPP STASJON
  •  Lagt til dato: 10. oktober 2024
  •  Expire date: 27. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

PP- rådgivar

PPT i Klepp kommune er ein spennande arbeidsplass som vil vere i utvikling og vekst framover i tråd barnehagelova, ny opplæringslov og barneverns-/oppvekstreform. PPT er heimla i barnehagelova § 33, og i opplæringslova § 11-13. 

PPT held til i nye lokale på Horpestad frå 1.1.2025. Vi har eit fagleg positivt, støttande og kollegialt arbeidsmiljø. Eininga har ei god blanding av tilsette med spesialiserte utdanningar. Vi søker etter ein engasjert, kunnskapsrik og endringskompetent PP- rådgivar til å supplere laget vårt.  

Vi har ledig:   100 % fast stilling som PP-rådgivar. 

Stillinga er ledig frå 01.02.2025.  

Søknadsfrist: 27.10.2025 

Kontaktinformasjon: Grethe Barane, leiar Klepp PPT, telefon 916 88657 

Arbeidsoppgåver

System- og individretta arbeid i samsvar med mål for tenesta  

Sakkunnig arbeid etter barnehage og opplæringslova  

Forebybyggjande og tverrfagleg samarbeid i Klepp kommune 

Rettleiing og rådgjeving til barnehagar og skular  

Observasjon, kartlegging og utgreiing av barn/elevar  

Samarbeid med føresette, skular og hjelpeapparat  

Kompetanse- og organisasjonsutvikling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar  

Sikre elevens  medverknad i saker PPT er involvert i 

Samarbeide med og støtte skular i det førebyggjande arbeidet med å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa.  

Kvalifikasjonar

Profesjonsstudiet/hovudfag/mastergrad i pedagogikk, logopedi, psykisk helse, spesialpedagogikk eller psykologi  

Det er ønskeleg med praksis frå arbeid med barn og unge med særlege behov i barnehage, grunnskule(gjerne ungdomstrinn), vaksenopplæring, PP-teneste eller tilsvarande instansar  

Relevant test-, utgreiings- og rettleiings- og rådgivningskompetanse  

God norsk språkføring, både munnleg og skriftleg  

For søkarar med anna utdanning enn norsk, krevst det språkkunnskapar tilsvarande nivå B2

Personlege eigenskapar

At ein dekkjer sentrale oppgåver for PP-tenesta  

At ein kan skape gode relasjonar til barn, føresette og fagpersonar  

Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og evne til fleksibilitet  

Evne til å motivere og arbeide målretta, strukturert og effektivt  

At ein må kunne arbeide i team, og samstundes vere sjølvstendig og målretta   

Personlege  eigenskapar vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

Eit godt, trygt og sosialt arbeidsmiljø  

Engasjerte kollegaer  

Fleksibel arbeidstid og gode personalordningar  

Samarbeid i team og tverrfaglege miljø 

Deltaking på relevant kompetanseheving og personalsamlingar  

Konkurransedyktig løn, pensjonsordning i KLP og tillegg for disponering av eigen bil i tenesta 

Forsikringsordningar  

PP-tenesta er i utvikling og endring, og vi vektlegg at søkar er fleksibel i forhold til endring av tenesta.  

Søkjar må ha sertifikat klasse B og disponera eigen bil.    

Kopi av attestar og vitnemål leggjast ved søknad.

Det må leggjast fram politiattest før oppstart i stilling  

  

Kontaktinformasjon

Grethe Løvås Barane, leiar, +47 91688657

Arbeidsstad

Engelsvollvegen 264
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4869737954
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Klepp kommune, PPT orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Psykolog
Sted KLEPP STASJON (Adresse: Engelsvollvegen 264 Postnr: 4353)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1c144ce6-08a4-4b73-a455-b4995711374d
IMPORTAPI