Postdoktor i paleoøkologi og pollenkjemi – Universitetet i Bergen

Education Universitet og hoyskole

(16 timer siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 24. september 2024
  •  Expire date: 23. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 24-09-2024
Deadline: 23-10-2024

 

Postdoktor i paleoøkologi og pollenkjemi

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktor i Paleoøkologi og pollenkjemi

Ved Instituttet for Biovitskap er det ledig ei stilling som postdoktor i paleoøkologi og pollen kjemi.

Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år, og knytt til prosjektet Lachamps-UV finansiert av Norsk forskingsråd (NFR). 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Laschamps-ekskursen er ei velkjend geomagnetisk reverseringshendelse som skjedde 41 000 år før nåtid. Nyere modellbevis indikerer at svekkelsen av den geomagnetiske feltstyrken i forkant av Laschamps-ekskursen forårsaket forhøyede nivåer av skadelig UV-B-stråling på jordoverflaten, med potensielt omfattende økologiske konsekvenser (f.eks. Cooper et al. 2021).

I dette prosjektet tar vi sikte på å kvantifisere variasjonar i UV-B-absorberende forbindelser funnet i pollenkorn på tvers av Laschamps-ekskursen, for å teste hypotesen om at overflate-UV-B-stråling økte i løpet av denne perioden. Spesifikke arbeidsoppgåver for kandidaten inkluderer:

  • Isolering og utvinning av UV-B-absorberende forbindelser fra sedimentkjerner som spenner over Laschamps Geomagnetic Excursion (~41000 år før nåtid) ved bruk av pyrolysegasskromatografi massespektrometri og infrarød spektroskopi.
  • Kalibrering av UV-B-absorberende forbindelsesrekonstruksjoner ved bruk av resultater fra eksperimentelle data.
  • Statistisk modellering av tidsvariasjoner i UV-B-absorberende forbindinger.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor paleoøkologi eller paleoklimatologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå sjølvstendig leiing av arbeidsflyt og oppgåver i laboratorie er eit krav.
  • Erfaring frå kjemisk analyse av biomolekyler frå sedimentsekvenser er ein fordel.
  • Erfaring frå eller kompetanse innan sedimentkjernebehandling, identifikasjon og utvinning av mikrofossilar (f.eks. pollen, tefraskår) er ein fordel.
  • Erfaring frå og kompetanse innan dataanalyse i R (eller lignende, f.eks. Python, Matlab) og i Open Science-metodar er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 6 månader. Undervisning og anna kvalifiserande arbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. 

Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar. Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. 

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 624 500  (tilsvarande lønssteg 64). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om  forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. 
  • CV (inkludert en liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

 Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Førsteamanuensis Alistair Seddon, Institutt for Biovitskap, alistair.seddon@uib.no 

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Rådgjevar Therese Myhre Odfjell, therese.odfjell@uib.no 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted BERGEN (Adresse: Thormøhlens gate 53A Postnr: 5006)
Stillingstype Åremål Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6e8fe07e-6880-4424-a5ea-4df8d01f08ce
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268345