Postdoktor i berekningskjemi og maskinlæring – Universitetet i Bergen

Education Universitet og hoyskole

(2 dager siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 9. oktober 2024
  •  Expire date: 3. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 09-10-2024
Deadline: 03-11-2024

 

Postdoktor i berekningskjemi og maskinlæring

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling i berekningskjemi og maskinlæring

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i berekningskjemi og maskinlæring. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er finansiert av Norges Forskningsråd via et stort, tverrfaglig forskerprosjekt “Escaping the Combinatorial Explosion: Expert-Enhanced Heuristic Navigation of Chemical Space” (eHACS).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

 Utvikling av nye legemiddel krev effektiv navigering av det enorme kjemiske rommet. Dette kan ein oppnå ved å nytte heuristiske reknemetodar, også kalla «de novo» designmetodar, som kan optimere mot ønskjelege legemiddelkandidatar utan å måtte utforske heile det kjemiske rommet. Via ei tverrfagleg tilnærming som omfattar informatikk, reknekjemi, syntese, reknebiologi og biomedisin, vil prosjektgruppa utvikle radikalt nye de novo metodar for molekyldesign. Konkret vil teamet utvikle metodar som innlemmar ekspertkunnskap tidleg, via maskinlæringsmodellar og menneskeleg intervensjon i den elles automatiserte prosessen. De nye metodane vil bli brukt til å designe inhibitorar av biomolekyl-mål for kreft og antibiotika. Dei mest lovande inhibitor-kandidatane vil verte syntetisert og testa. 

Den rekrutterte kandidaten vil jobbe med «de novo»-design av forbindelsar, og spesifikt utvikle metodar for å implementere effektive berekningar av fri energi i fitness-funksjonen. Den tilsette vil arbeide i grensesnittet mellom informatikk, kjemi og biologi, og vil arbeide med forskningsgruppene til professorar Nathalie Reuter og Pekka Parviainen.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor berekningskjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Formell trening i kraftfeltsbasert biomolekylære simuleringar og frienergi berekningar er eit krav.
  • Erfaring med frienergi berekningar på doktorgradsnivå er eit krav.
  • Erfaring med programmering er eit krav.
  • Erfaring med Python er ein fordel.
  • Formell trening i maskinlæring er ein fordel.
  • Formell trening i i kvantekjemi er ein fordel.
  • Erfaring med strukturbasert ligand design er en fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. 

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader. Undervisning og anna kvalifiserande arbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). 

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 624 500 (tilsvarande lønssteg 64). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. 
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Prof. Nathalie Reuter, Kjemisk institutt, Nathalie.Reuter@uib.no eller førsteamanuensis Pekka Parviainen, Institutt for informatikk, Pekka.Parviainen@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Anna Folgerø, anna.folgero@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner/menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr: 983455255
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Utdanning
Yrke Universitet og høyskole
Sted BERGEN (Adresse: Christiesgt. 18 Postnr: 5020)
Stillingstype Åremål Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/095ed5b8-dbbe-41c4-a0e9-29a93ebd3177
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269244