Portør – Service og logistikk avdeling Haugesund sjukehus
Health and social care Andre helseyrker(15 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 22-09-2024
Deadline: 07-10-2024
Portør
Ledig vikariat som portør med mulighet for forlengelse
Hos oss er portørane ein del av driftsområdet ved Haugesund sjukehus og spelar ein stor rolle som støttefuksjon. Stillinga inneber ei arbeidsveke på 35,5 timar, med arbeid tredje kvar helg. Du vil jobbe i ein heilkontinuerleg turnus med dag-, ettermiddag- og nattevakter
Det er stor mogleigheit for at vikariatet kan bli forlenga.
Er du nysgjerrig på kva det vil seie å vere portør? Møt Pål som gir deg eit innblikk i kvardagen til ein portør ved sjukehuset vårt.
Arbeidsoppgåver
- Serviceoppgåver
- Transportoppgåver
- Avfallshandtering
- Mange varierte arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev (Helse/sosialfag, servicefag eller logistikkfag)
- Erfaring frå serviceverksemd
- Førarkort kl. B (inkludert manuell gear)
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring med bruk av IKT som styringsverktøy i arbeidet
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du
- er punktleg og påliteleg, og kommuniserer på ein tydeleg måte.
- har evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler
- er i god fysisk form og kan utføre arbeid som krev fysisk innsats
- tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, og tilbyr gjerne hjelp
- har evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande avtale
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og fritidsulykkeforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Thomas Endre Pedersen, Funksjonsleder, +47 90613438
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4863308764
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.10.2024
Sluttdato: 15.04.2025
Søknadsfrist: 07.10.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Service og logistikk avdeling Haugesund sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
|
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Andre helseyrker |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | 15-10-2024 |
Søknadsfrist | 07-10-2024 |