Portør – Service og logistikk avdeling Haugesund sjukehus

Health and social care Andre helseyrker

(6 dager siden)

  • HAUGESUND
  •  Lagt til dato: 30. oktober 2024
  •  Expire date: 17. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 30-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Portør

Blir du vår nye portør på Haugesund sjukehus?

Portørtenesta ved Haugesund sjukehus har behov for ein ny medarbeidar. Hovudoppgåva vår er å støtta avdelingane på sjukehuset med ulike servicetenester. No ser vi etter ein ny kollega til laget vårt.

Brenner du for service og logistikk, og ønskjer du å bidra i eit godt arbeidsmiljø saman med 10 andre kollegaer? Då ser vi fram til å bli kjende med deg og kompetansen din. Stillinga er på 35,5 timar per veke, med arbeid kvar tredje helg. Heilkontinuerleg turnus med dag-, ettermiddags- og nattevakter.

Vi ser fram til å motta din søknad.

Les gjerne denne artikkelen i Haugesunds Avis om livet som portør!

Arbeidsoppgåver

  • Serviceoppgåver
  • Transportoppgåver
  • Avfallshandtering
  • Mange varierte arbeidsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • Ønskelig med relevant fagbrev (eksempelvis Helse/sosialfag, servicefag eller logistikkfag)
  • Erfaring frå serviceverksemd
  • Førarkort kl. B  (inkludert manuell gear)
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring med bruk av IKT som styringsverktøy i arbeidet

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er punktleg og påliteleg, og kommuniserer på ein tydeleg måte.
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler
  • er i god form til fysisk arbeid
  • tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, og tilbyr gjerne hjelp
  • har evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold

Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og fritidsulykkeforsikring
  • Triveleg arbeidsmiljø

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Jens Ove Hovda, Avdelingsleiar, +47 95700945, jens.ove.hovda@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4879527072
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Service og logistikk avdeling Haugesund sjukehus orgnr: 974724774
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.

 

Webside www.helse-fonna.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/81c85469-b635-4cf0-8eb0-71faacdfe10f
IMPORTAPI