Stillingsbeskrivelse

Published 11-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Politioverbetjent som avsnittsleiar for Digitalt Politiarbeid – etterforsking av kriminalitet i det digitale rom

I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Avsnitt for digitalt politiarbeid er det ledig ei stilling som SKO 0287 politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar. Avsnitt for digitalt politiarbeid (DPA) har medarbeidarar lokalisert i Bergen og Florø. Den utlyste stillinga vil i utgangspunktet være lokalisert i Bergen, men du må rekne med noko reiseverksemd i heile politidistriktet og mellom lokasjonene i Florø og Bergen. 

Ser du muligheter der andre ser begrensninger? Kriminaliteten i dag er like mykje til stades på digitale plattformar som i det fysiske rom, og det har gjort at det har utvikla seg nye formar for kriminalitet. Denne forma for kriminalitet kjem til syne i heilt andre og alvorlege kriminalitetstrugslar. Fagfeltet er eit av politidistriktet sine strategiske satsningsområde og avsnittsleiar vil ha betydeleg ansvar for utvikling og vidare oppbyggjing av avsnittet, samt implementering av digitalt politiarbeid i Vest PD.

Vi er ute etter deg som er nysgjerrig, innovativ, kreativ og samstundes evner å forstå teknologien sin rolle i dagens samfunn.  Du må ha god gjennomføringskraft som vil gjera det mogleg og driva ei aktiv kriminalitetsbekjemping som held følgje med den raske teknologiske utviklinga i samfunnet.

Arbeidsoppgåver

  • Styre og leie avsnittet i henhold til overordna føringer og retningslinjer
  • Styre, leie og utvikle avsnittet med fag-, koordinerings-, og opplæringsansvar for digitalt politiarbeid
  • Personal- og HMS-ansvar på eige avsnitt
  • Ansvarleg for å følgje opp politidistriktet sitt arbeid med sikring, tilrettelegging og analyse av elektroniske spor, samt sørge for kvalitetsikring innan ansvarsområdet
  • Saman med andre førebyggje og etterforske alvorleg datakriminalitet
  • Sørgje for effektiv bruk av teknologi som vil lette det daglege arbeidet og understøtte gode arbeidsprosessar på avsnittet og i politidistriktet 
  • Sørgje for kunnskapsbasert erfaringslæring og systematiske forbetringar innan fagområdet
  • Medverke til vidareutvikling av eit fagfelt som er i stadig endring
  • Sikre og etablere gode samhandlingsarenaer internt og eksternt
  • Vere ein pådrivar og nytenkande for forbetring innan innovasjon, utvikling, digitalisering og effektivisering
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendige:

  • Vitnemål frå Politiskolen/Politihøgskolen
  • Brei politifagleg erfaring, helst også innan etterforsking
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
  • God organisasjonsforståing og kjennskap til samfunnsoppdraget til politiet
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida)  må innhentast ved ev. ansettelse, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Den som vert tilsett må kunne sikkerhetsklarerast for HEMMELEG

Ønskelege:

  • Utdanning innan organisasjon og leiing helst på høgskule/universitetsnivå og/eller leiarerfaring blir vektlagt
  • Kunne ta del i den politioperative tenesten ved avsnittet
  • Kunnskap om HMS er ein fordel
  • Kunnskap om personal- og økonomistyring er ein fordel
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk er ein fordel
  • Kjennskap til etterforskning med digitale spor er ein fordel

Personlege eigenskaper

  • Evne til å handle i eit strategisk og helhetlig perspektiv
  • Gode leiaregenskaper, med evne til å vise god personalomsorg og motivere, støtte og utvikle medarbeidarane 
  • Evne til å skape gode relasjonar, kommunisere godt og samhandle både internt og eksternt
  • Resultat- og løysingsorientert med god beslutnings- og gjennomføringsevne
  • Sette retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling og kompetanseheving innan fagområdet
  • Være innovativ og kreativ i løysinga av oppdraget til eininga
  • Samfunnsorientert og med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
  • Stilling som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (stillingskode 0287), vert lønna frå  ltr 78/ 821.100. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
  • Et solid fagmiljø med gode utviklingsmuligheter i et arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn,
erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er
mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me
kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli
vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne
måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i
rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom
du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me
deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar
grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i
årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Ref.nr: 24/265915

Kontaktinformasjon

Odd Arve Solvåg, Seksjonsleiar, 57758835
Spørsmål om elektronisk søknad/ CV, Seksjon for HR,  207.HR@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6
5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt

Referansenr.: 4881954408
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Felles eining for etterretning og etterforskning, Seksjon for kriminalteknikk og Digitalt Politiarbeid, Avsnitt for Digitalt Politiarbeid orgnr: 974737329
Kort om arbeidsgiver

Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt – kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 6 Postnr: 5016)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2d70c65d-2dbb-4486-b917-eac89c96b7cf
IMPORTAPI