Stillingsbeskrivelse

Published 01-12-2024
Deadline: 16-12-2024

 

Politioverbetjent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (PEL)

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking(FEE) seksjon for etterforsking av drap, vald og seksuallovbrot  er det ledig  fast stilling som politioverbetjent spesialist med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar PEL (stillingskode 0287). 

Stillinga er underlagd avsnitt for etterforsking av grove seksuallovbrot.

Seksjon for etterforsking av drap, vald  og seksuallovbrot består av to avsnitt; avsnitt for etterforsking av drap og grov vald mot barn og avsnitt for etterforsking av grove seksuallovbrot. Seksjonen har som hovudfunksjon å leia dei grovaste vald og seksuallovbrots-sakene i Vest politidistrikt.

Seksjonen bidreg òg med spisskompetanse innan avhøyr i saker som omhandlar drap, grov vald mot barn og grove seksuallovbrot i heile politidistriktet.

Ein må rekna med noko reiseverksemd og overtid i samband med initialfasen av nye alvorlege straffesaker. Ein må òg rekna med noko helgearbeid på Felles straffesaksinntak (FSI).

Arbeidsoppgåver

  • Etterforsking i saker som er nevnt i lokal straffesaksinstruks- pkt. 2-2; grove seksuallovbrot
  • Saksansvar og politifagleg etterforskningsleiing i tildelte saker
  • Prioritere etterforskingsskritt saman med påtaleansvarleg i tråd med hypoteser og bevistema, og utarbeida etterforskingsplan
  • Benytte Indicia som arbeidsverktøy , styre etterforskinga gjennom dette og se til at arbeidet er effektivt
  • Medverke til at relevant spesialkompetanse blir kopla til etterforskinga  ved behov
  • Utnytte tildelte ressursar i teamet effektivt.
  • Yta fagleg rettleiing og medverka til systematisk erfaringslæring innan fagområde
  • Medverke til god kvalitet og resultatoppnåelse i eigne saker
  • Politifagleg etterforskingsleiar  inngår i helgeturnus ved Felles straffesaksinntak
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

Nødvendig

  • Krav om politiskule/politihøgskule
  • Tilfredstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor-eller mastergrad kan heile eller delar av kompetansekravet fråvikast.
  • Erfaring med etterforsking av seksuelle overgrep mot barn.
  • Erfaring med etterforsking av seksuelle overgrep mot barn på Internett.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentas ved ev. tilsetjing jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41

Ønskeleg

  • Erfaring med straffesaker som inneheld direkteoverførte bestillingsovergrep (DOBO) og Strl. § 311 er ein fordel
  • Kjennskap til og/eller erfaring med gjennomgang av digitale spor er ein fordel
  • Kjennskap til og/eller erfaring med tilrettelagde avhøyr er ein fordel
  • Kjennskap til og/eller erfaring med skjulte etterforskingsmetodar er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar med evne til å motivere medarbeidarane, setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling
  • Evne å ta avgjerder og gjennomføre oppgaver under høgt arbeids- og tidspress
  • Gode evner til samarbeid, leiing av etterforsking, kommunikasjon og relasjonsbyggjing
  • Evne til å arbeide systematisk
  • Vere ein aktiv deltager i å skape eit godt samarbeidsklima
  • Samfunnsorientert med evne til å tenkje heilskap og forstå eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/ 

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga  som politioverbetjent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (stillingskode 0287)vert for tida lønna frå ltr 75 / 759 100,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no
  • Bedrifthelseteneste

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.    

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr:24/271778

Kontaktinformasjon

Kristine Lindebjerg Eikemo, Avsnittlsleiar, 41434506
Tore Salvesen, Seksjonsleiar, 55556300
Seksjon for HR, Spørsmål om elektronisk søknad/CV, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 4
5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt

Referansenr.: 4884410694
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 16.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver FEE-Avsnitt for etterforsking av grove seksuallovbrot, Vest politidistrikt orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt – kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 4 Postnr: 5016)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3ac65ec4-2125-4893-8bd4-d5a01f62f5bd
IMPORTAPI