Stillingsbeskrivelse

Published 11-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Politioverbetjent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar innan digitalt politiarbeid (PEL-DPA) 

Har du IT-kompetanse og vil etterforske og forebygge kriminalitet i det digitale rom?

I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for kriminalteknikk og digitalt politiarbeid, Avsnitt for digitalt politiarbeid (DPA)  er det ledig ei fast stillinga som politioverbetjent (SKO 0287) med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (PEL). Avsnitt for digitalt politiarbeid (DPA) har medarbeidarar lokalisert i Bergen og Florø. Den utlyste stillinga vil være lokalisert enten i Bergen eller Florø. Ein må rekne med reiseverksemd i heile politidistriktet og spesielt mellom lokasjonene i Florø og Bergen. 

Vi søkjer no etter ein dyktig og framoverlent politifaglege etterforskningsleiar som ynskjer å utfordra, og bli utfordra, i eit miljø kor vi etterforskar kriminalitet kor utøvarane bevisst bryt lova, og aktivt arbeidar for å gjere sin ulovlege verksamd vanskeleg å oppdaga. 

Politiet skal vere i forkant av kriminaliteten og arbeide kunnskapsstyrt. Vi arbeider med å vri fokuset i oppgåveløysinga vår mot intensjonen i hovudstrategien til politiet. Vi skal førebyggje og kjempe mot kriminalitet, og søkjer deg som vil bidra i dette viktige samfunnsoppdraget. Kriminaliteten i dag er like mykje meir til stades på digitale plattformar som i det fysiske rom, og det har gjort at det har utvikla seg nye formar for kriminalitet. Denne forma for kriminalitet kjem til syne i heilt andre og alvorlege kriminalitetstrugslar. 

Vi søkjer deg som vil vere med å gjere ein forskjell.  I eit innovativt miljø treng vi dyktige medarbeidarar som kan vere med å utvikle eininga vidare i takt med samfunnsutviklinga. Politiet har stort fokus på å bekjempe kriminelle nettverk og cyberrelatert kriminalitet.  Det vil i den samanheng være tett samarbeid med andre einigar i politietdistriktet og andre samarbeidande aktørar, både offentleg og privat.

Ved DPA har vi høgt kompetente medarbeidarar som nyttar seg av sin kompetanse innan områda vi driv med datateknisk etterforskning. Vi er opptatt av detaljer som kan bidra til å synleggjere både skuld og uskuld. I eit prosjekt som skal ha fokus på cyberkriminalitet og digitale bedrageri vil du være prosjektleiar.

Arbeidsoppgåver

  • Politifagleg etterforskingsleiar (PEL) leiar etterforskinga i den enkelte sak der fleire tenestepersonar inngår. PEL skal utarbeide etterforskingsplan saman med Påtalefagleg etterforskningsleiar (PÅL) der dette er pålagd eller føremålstenleg, og identifisere aktuelle hypotesar i den enkelte sak.
  • Identifisere elektroniske spor frå ulike lagringsmedier og sporstader
  • Bistå med gjennomgang av elektroniske spor frå beslag
  • Halde seg oppdatert innanfor sitt fagfelt gjennom studie, kurs og deltaking på møte/seminar
  • Bidra til opplæring og kompetansedeling i eige politidistrikt
  • Vere ein ressursperson og pådrivar innan fagfeltet i heile politidistriktet
  • Planlegge og gjennomføre taktiske etterforskningsskritt i saker om datakriminalitet og økonomisk motivert cyberkriminalitet
  • Gjennom vurderinger og analyser av innhentet og sikra data og informasjon identifisere samanhengar og moglegheiter i etterforskninga
  • Bidra til at etterforskninga i sin heilhet gjennomførast i henhold til gjeldande retningslinjer for arbeidsmetodikk
  • Syte for at etterforskinga blir gjennomført med høg kvalitet, notoritet, effektivitet, objektivitet og framdrift
  • Medverke til å utøve god leiing og oppfølging av straffesaksporteføljen saman med avsnittsleiar
  • Samarbeide tett med andre i oppgaveutføringa, internt og eksternt, yte bistand til andre driftseiningar, seksjonar og avsnitt ved aksjonar
  • Være en pådriver for å finne gode løsninger på problemstillinger man møter i etterforskningen
  • Vere ein pådrivar og nytenkande for forbetring innan innovasjon, utvikling, digitalisering og effektivisering
  • Andre oppgåver pålagt av overordna
  • Prosjektleder for cyberprosjektet som skal ha fokus på datakriminalitet digitale bedrageri

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Vitnemål frå Politiskule/Politihøgskulen
  • Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
  • God IT- og systemkunnskap med evne til å ta i bruk relevant prosjektstyringsverktøy
  • God kunnskap om bruk av digitale spor i etterforskning
  • God munnleg og skriftleg framføring på norsk.
  • Beherske engelsk munnleg og skriftleg

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. 

Ønskeleg:

  • Utdanning innan organisasjon og leiing helst på høgskule/universitetsnivå og/eller leiarerfaring blir vektlagt
  • Utdanning innan Computer/Digital Forensics blir vektlagt
  • Nordic Computer Forensic Investigators (NCFI)-studiar frå PHS blir vektlagt. Du må pårekne å ta minimum 30 studiepoeng innan 3 år etter ansettelse om du ikkje har NCFI studiar i dag
  • Erfaring frå arbeid med sikring og analyse av elektroniske spor er ein fordel
  • Anna relevant utdanning innan teknologi er ein fordel
  • Vidareutdanning i etterforsking (VEF) er ein fordel
  • God fenomenforståing innan elektroniske spor er ein fordel
  • Erfaring frå etterforsking av cyberrelatert kriminalitet er ein fordel
  • Kunnskap om kunstig inntelligens er ein fordel
  • Kunnskap om etterretning og førebygging er ein fordel

Personlege eigenskaper

  • Være kreativ, initiativrik og innovativ i oppgåveløysinga
  • Mål- og resultatorientert med evne til å ta sjølvstendige og strategiske avgjerder i enkeltsaker 
  • Evne til å byggje relasjonar og vere ein god rettleiar og pedagog i høve til kollegaer og eksterne samarbeidspartar
  • Evne til å arbeide systematisk over tid, i team og under press 
  • Evne til å samarbeide godt internt og eksternt 

Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stilling som politioverbejent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (stillingskode 0287), vert lønna frå 766.500. Vidare
    lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr.
    hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no
  • Bedrifthelseteneste

Generelt

Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr.: 24/266250

Kontaktinformasjon

Odd Arve Solvåg, Seksjonsleiar, 57758835
Spørsmål om CV og søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6
5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt

Referansenr.: 4838931278
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Felles eining for etterretning og etterforskning, Avsnitt for digitalt politiarbeid orgnr: 974737329
Kort om arbeidsgiver

Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt – kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 6 Postnr: 5016)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6b291125-cdb0-4e2a-b1cd-f29a66b5bb9b
IMPORTAPI