Politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar – Bergen sør politistasjonsdistrikt, Avsnitt-Etterforskning
Security and readiness Politi fengsel og toll(19 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 29-10-2024
Deadline: 13-11-2024
Politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar
I Vest politidistrikt, GDE Bergen, Askøy og Øygarden, tenesteeining Bergen sør, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (SKO 0287) ved Avsnitt for etterforsking.
Bergen sør politistasjon består av Avsnitt for politipatrulje, Avsnitt for etterforsking, førebyggarar og en sivil medarbeidar. Avsnitt for etterforsking består av avsnittsleiar, teamleiar og tre etterforskarar. Avsnittsleiar har blant anna ansvar for oppfølging av straffesakar som er tillagt tenesteeininga, den daglege drifta av avsnittet og har personalansvar for medarbeidarane på avsnittet. Avsnittsleiar deltek i leiargruppa på tenesteeininga.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å organisere den daglege tenesta ved seksjonen/avsnittet
- Gi fagleg rettleiing til medarbeidarane ved seksjonen
- Delta i den daglege tenesta på avsnittet
- Ansvar for å følgje opp etterforsking som er tillagt tenesteeininga
- Personalansvar for medarbeidarane ved avsnittet
- Resultatansvar på eige avsnitt
- Beslagsansvarlig i tenesteeininga
- Planlegge og leie den daglege tenesta på avsnittet
- Ansvar for tenesteeiningas deltaking i OÅO
- Gi fagleg rettleiing til medarbeidarane ved avsnittet
- Være med å utvikle en kultur for openheit gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap
- Sørge for effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, innbyggarar,
andre tenesteeiningar. - Aktiv deltaking i tenesteeininga sin leiargruppe. Følge opp og sette i verk leiargruppa sine avgjerder
- Ansvar for HMS på eige avsnitt
- Mediekontakt for eige ansvarsområde
- Pårørendekontakt i tjenesteeiningas eigne straffesaker
- Som leiar av avsnittet skal du utøve dagleg tryggleiksmessig leiing. Du skal rettleie og følgje opp dine
tilsette slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tar hand om tryggleiken ved avsnittet. - Delta i etterforskinga av straffesaker med blant anna avhøyr og andre etterforskingsskritt.
- Utføre arbeidsoppgåver som elles er tillagd tenesteeininga, som ekspedisjonsteneste og framstillingar
ved behov.
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- Vere AOP-godkjend eller villig til å bli det
- Kjennskap til systematisk HMS-arbeid
- God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- God system- og IT-kompetanse
- Relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt
- Leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ein fordel
- Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk er ein fordel
- Vidareutdanning innan etterforsking og etterforskinsleiing er ein fordel
- Brei politifagleg kompetanse er ein fordel
- God kunnskap om aktuelt lov- og avtaleverk er ein fordel
- Kompetanse med porteføljestyring og arbeid i PAL, samt kjennskap til bruk av Excel vil bli vektlagt
Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Personlege eigenskapar
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
- Motivere og skape resultat i samhandling med andre
- Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing
- Evne til å tenke klart i en hektisk arbeidskvardag, og leie andre gjennom det same
- Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
- Setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeiderplattform
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (SKO 0287) blir løna, frå kr 759.100,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven.
Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar,
bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi
tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi
innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse
gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i
CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert
statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Les mer
på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi
gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf.
Offentleglova § 25. Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Saksnr.: 24/226238
Kontaktinformasjon
Ronny Andre Øvrebotten, Politistasjonssjef, 92605145
Spørsmål om elektronisk søknad/ CV, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no
Arbeidssted
Nesttunbrekka 95
5221 Nesttun
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistrikt
Referansenr.: 4867912133
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 13.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bergen sør politistasjonsdistrikt, Avsnitt-Etterforskning orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vest politidistrikt |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | NESTTUN (Adresse: Nesttunbrekka 95 Postnr: 5221) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 13-11-2024 |