Stillingsbeskrivelse

Published 14-01-2025
Deadline: 29-01-2025

Politiførstebetjent med funksjon som teamleiar

I Vest politidistrikt, knytte til den geografiske driftseininga Bergen, Askøy og Øygarden, Seksjon for førebygging, patrulje og generell etterforsking, avsnitt for etterforsking, er det ledig tre faste stillingar som politiførstebetjent (SKO 0285) med funksjon som teamleiar. Stillingane er plasserte ved høvesvis Bergen nord, Bergen sentrum og Bergen sør politistasjonsdistrikt.

Arbeidsoppgåver

  • Teamleiar for etterforsking av straffesaker, herunder etterforskingsleiing
  • Delta aktivt i etterforsking av tildelte saker
  • Medansvarleg for god porteføljestyring i tråd med føringar frå avsnittsleiar
  • Fordele arbeidsoppgåver og påse at sakene ferdigstillast med avtalt kvalitet og innan fastsett frist
  • Gje faglege råd og rettleie etterforskarar 
  • Bidra til fleksibel bruk av ressursane ved avsnittet
  • Rettleie og motivere medarbeidarane
  • Bidra til effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar i eigen og andre seksjonar
  • Medansvarleg for obligatorisk årleg opplæring (OÅO)
  • Kunnskap om beslag og beslagshandtering i straffesaker
  • Må pårekne å bistå i operativt politiarbeid ved behov
  • Inngå i regelmessig FSI-vakttjenesteordning
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
  • Minimum 3 års relevant erfaring
  • Brei erfaring frå etterforskning av straffesaker
  • Minst AOP godkjent eller kvalifisert og villig til å bli det
  • God munnleg og skriftleg framføring i norsk og engelsk
  • God kjennskap til politiets IT-systemer
  • Erfaring frå etterforskingsleing blir vektlagt
  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning blir vektlagt

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Personlege eigenskapar

  • Ha evne til å prioritere, ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne i hektiske og pressa situasjonar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å bygge gode relasjonar
  • Evne til å jobbe effektivt i eit hektisk arbeidsmiljø
  • Samfunnsorientert med evne til å tenkje heilskap, forstå eige rolle i eininga og eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet 

Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeiderplattform

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga blir lønna som politiførstebetjent (SKO 0285) med funksjon som teamleiar frå kr 657.300,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no/ for meir info)
  • Bedriftshelseteneste

Generelt  
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

Ref.nr.  25/3132 

Kontaktinformasjon

Ronny Andre Øvrebotten, Stasjonssjef Bergen sør, 92605145
Ørjan Hjortland, Stasjonssjef Bergen nord, 99489505
Anita Dahl, Avsnittsleiar, 48048245
Spørsmål om elektronisk CV/ søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidsstad

Nesttunbrekka 95
5221 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vest politidistrikt

Referansenr.: 4902762634
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 29.01.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, Vest politidistrikt orgnr: 974737329
Kort om arbeidsgiver

Vest politidistrikt
dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 609 000 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt – kommunane Fitjar, Bømlo, Stord,
Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag
1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren
har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 6 Postnr: 5016)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0da644e3-7e64-4178-8913-81ed199eab8b
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31