Politifagleg etterforskningsleiar innan økonomisk- og arbeidsmarknadskriminalitet – FEE-Seksjon for etterforskning av øko, miljø og arbeidsmarkedskriminalitet, Vest politidistrikt
Security and readiness Politi fengsel og toll(22 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 18-11-2024
Deadline: 04-12-2024
Politifagleg etterforskningsleiar innan økonomisk- og arbeidsmarknadskriminalitet
I Vest politidistrikt, ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø-, og arbeidsmarknadskriminalitet, er det ledig ei eller fleire faste stillingar som politioverbetjent med funksjon som politifagleg etterforskningsleiar (PEL). Stillingene er plassert ved avsnitt for etterforskning av økonomisk kriminalitet og avsnitt for arbeidsmarknadskriminalitet.
Økonomisk kriminalitet undergrev viktige strukturar i samfunnet, og hovudoppgåvene til seksjonen er etterforsking av arbeidsmarknad, økonomi og miljøkriminalitet. Vest politidistrikt skal auke sin kapasitet til å etterforske kriminelle nettverk og alvorleg økonomisk kriminalitet. Vi søkjer no etter dyktige og framoverlente politifaglege etterforskningsleiarar som ynskjer å utfordra, og bli utfordra, i eit miljø kor vi etterforskar kriminalitet kor utøvarane bevisst bryt lova og aktivt arbeidar for å gjere sin ulovlege verksamd vanskeleg å oppdaga.
Politiet skal vere i forkant av kriminaliteten og arbeide kunnskapsstyrt. Vi arbeider med å vri fokuset i oppgåveløysinga vår mot intensjonen i hovudstrategien til politiet. Vi skal førebyggje og kjempe mot kriminalitet, og søkjer deg som vil bidra i dette viktige samfunnsoppdraget.
Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø-, og arbeidsmarknadskriminaliteter er organisert i tre avsnitt (arbeidsmarknad, miljø og økonomi). Våre medarbeiarar er etterforskarar med politi og/eller økonomisk utdanning som arbeider sjølvstendig og i team med komplekse straffesaker. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer og leiarar, som saman spelar kvarandre gode og ønskjer å utgjere ein forskjell. Vi søkjer deg som er heilhetsorientert, evnar å nå mål saman med andre, og ynskjer å leie og sette retning innan etterforskningsarbeidet. Du evnar å utfordre det etablerte for å drive mest mogleg effektivt, og levere høg kvalitet i arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Politifagleg etterforskingsleiar (PEL) leiar etterforskinga i den enkelte sak der fleire tenestepersonar inngår. PEL skal utarbeide etterforskingsplan saman med Påtalefagleg etterforskningsleiar (PÅL) der dette er pålagd eller føremålstenleg, og identifisere aktuelle hypotesar i den enkelte sak.
- Gjennomføre etterforskningsskritt i tråd med hypoteser og bevistema
- Leie større og mindre aksjonar med pågripelsar og ransakingar, samt kunne vere bisitter i retten
- Vere oppdatert på opplysingar i saka og sørgje for løpande oppdatering av etterforskingsplanen
- Medverke til at etterforskinga har tilstrekkeleg personell med riktig kompetanse
- Gjennomføre kvalitetssikring eller saksgjennomgang dersom saka er gjenstand for dette
- Medverke til å byggje kompetanse innan etterforskingsfaget, følge opp fagutviklinga ved avsnittet og tilrettelegging for læring i organisasjonen
- Ansvarleg for at etterforskinga blir organisert og gjennomført i tråd med gjeldande regelverk, direktiv, faglege standardar og anerkjende etterforskingsmetodar.
- Syte for at etterforskinga blir gjennomført med høg kvalitet, notoritet, effektivitet, objektivitet og framdrift
- Medverke til å utøve god leiing og oppfølging av straffesaksporteføljen saman med avsnittsleiar
- Noko helgearbeid må påreknast då PEL-stillingar ved FEE inngår i ei støtteliste opp imot PEL-funksjonen ved FSI i helg.
Kvalifikasjonar
Nødvendige:
- Vitnemål frå Politiskule/Politihøgskulen
- Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeida innan relevant fagfelt i minimum 5 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad kan heile eller deler av kravet fråvikast
- Må kunne sikkerhetsklarerast for HEMMELEG ved behov
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk.
- Gode IT og systemkunnskapar med evne til å ta i bruk relevant prosjektstyringsverktøy
- KREATIV kurs
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskjeleg:
- Erfaring og/eller vidareutdanning innan etterforskingsleiing vert vektlagt
- Erfaring frå leiing av prosjektorganisert etterforsking vert vektlagt
- Erfaring og/eller vidareutdanning frå etterforskning av økonomisk kriminalitet og/eller arbeidslivskriminalitet er ønskeleg
- Erfaring fra teamledelse er ønskeleg
- Annan relevant erfaring og/eller utdanning er en fordel
- Erfaring eller utdanning innan leiing er en fordel
- Erfaring som Instruktør innan etterforsking og/eller møteleiing / OåO er en fordel
Personlege eigenskapar
- Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og vere ein god relasjonsbyggjar internt og eksternt
- Evne til å leie, setje retning, drive endring og motivere medarbeidarar
- Mål- og resultatorientert med god gjennomføringsevne
- Vere ein inspirerande rollemodell og lagspelar som er genuint opptatt av å spele andre gode og drive laget framover
- Vere ein pådrivar og nytenkande for forbetring innan innovasjon, utvikling, digitalisering og effektivisering
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform.
Me tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stilling som politioverbejent med funksjon som politifagleg etterforskingsleiar (stillingskode 0287), vert lønna frå ltr 75/ 759.100. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Martin Fosse, Avsnittsleiar, 47691036
Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 6
5016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistrikt
Referansenr.: 4838361828
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 04.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | FEE-Seksjon for etterforskning av øko, miljø og arbeidsmarkedskriminalitet, Vest politidistrikt orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vest politidistrikt |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Politi, fengsel og toll |
Sted | BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 6 Postnr: 5016) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 04-12-2024 |