Politiadvokat 2 – Felles eining for påtale, Felles straffesaksinntak
Kontor og økonomi Juridisk arbeid(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 11-11-2024
Deadline: 27-11-2024
Politiadvokat 2
I Vest politidistrikt, Felles eining for påtale, Felles straffesaksinntak (FSI), er det ledig ei fast stilling som politiadvokat 2 (SKO 1543).
Stillinga som Politiadvokat 2 vil ha eit særleg ansvar innan fagområdet Utlending og grense, og vere den leiande juridiske kompetansen innan dette feltet.
Stillinga er nyoppretta og ligg under seksjon for Felles straffesaksinntak (FSI). Dette er ei dagstilling som ikkje inngår i seksjonen si turnusteneste, men som krev tett samarbeid med driftseininga Felles Utlending og Forvaltning, Seksjon for utlendingskontroll og Grenseseksjonen. Stillinga vil også ha eit nært samarbeid med FSIs politispesialist for internasjonalt samarbeid.
Arbeidsoppgåvene inkluderer deling av juridisk kompetanse både internt i seksjonen og med andre avdelingar i Vest politidistrikt. Dette kan mellom anna innebera å representera seksjonen gjennom foredrag, utarbeiding av høyringsfråsegner og liknande oppgåver.
Stillinga vil ha påtalekompetanse, og ein må kunna rekna med å bidra på seksjonens andre arbeidsfelt.
Eit viktig ansvarsområde for stillinga vil vera handtering av internasjonale arrestordre, samt å fungere som ein ressurs for andre påtalejuristar i politidistriktet når det gjeld internasjonale etterlysingar.
Arbeidsoppgåver
- Fungera som politiadvokat 2 med særleg kompetanse innanfor spørsmål knytt til utlending og grensespørsmål, under dette ha ansvar for fagleg kompetanseoppbygging i politidistriktet på fagfeltet
- Utøvd legalitetskontroll innanfor fagområdet, under dette sikre rettstryggleik og objektivitet på alle trinn av saksbehandlinga
- Ha hovudansvar for saker knytt til tvangsmiddelbruk innanfor utlendingsfeltet og dessutan regelverket knytt til bort- og utvising
- Ha hovudansvar for saker knytt til grensespørsmål og meldeplikt ved grensa o.l.
- Monitorere og hjelp dei andre påtalejuristane til politidistriktet i spørsmål knytt til utanlandske statsborgarar, under dette overta påtaleansvaret for utvalde saker som involverer utlendingar uavhengig av trekkinstruksen
- Leia og gjennomføra fagleg utviklingsarbeid på område under dette bidra på Schengenkurs/Fagdagar
- Særlig ansvar for internasjonal arrestordre og etterlysingar
- Arbeidsoppgåver innan internasjonalt straffesaksarbeid kan påreknast
- Gjennomføring av aktorat for tingrett og lagmannsrett
- Andre oppgåver pålagt av overordna
- Jourtjeneste kan bli pålagt
Kvalifikasjonar
Nødvendige krav:
- Juridisk embetseksamen / Master i rettsvitskap
- Minst 5 års arbeidserfaring med leiing av straffesaker, eller 6 års relevant arbeidserfaring, hvorav minst 3 års påtaleerfaring. Unntak til kravet om arbeidserfaring kan bli vurdert for særskilt sterkt kvalifiserte søkjarar
- Meistra nynorsk og bokmål
- Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentest ved ev. tilsetjing, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Ønskjelege kvalifikasjonskrav:
- Kompetanse og erfaring med utlendingslova og Schengenregelverket
- God innsikt i organisasjonen til politiet
Personlege eigenskapar
- Vere ansvarsbevisst og strukturert
- Evne til å arbeide effektivt og vere mål- og resultatorientert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne og motivasjon til å setja seg inn i utlendingsfeltet, inkludert vilje til relevant vidareutdanning
- Gode pedagogiske ferdigheiter for å leia og gjennomføra fagleg utviklingsarbeid effektivt
- God avgjerdsevne under press, med evne til å ta vanskelege avgjerder. Samtidig lydhøyr for synspunkta til andre og villig til å revurdera eigne avgjerder når nødvendig
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her:
https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma politien i framtida
- Stillinga blir lønt som politiadvokat 2 (stillingskode 1543), frå kr 821.000.- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt:
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saksnr: 24/246489
Kontaktinformasjon
Arne Fjellstad, Fungerende seksjonsleiar, 47785870
For spørsmål om elektronisk søknad/CV, Kontakt Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 6
5016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistrikt
Referansenr.: 4875772963
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 27.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Felles eining for påtale, Felles straffesaksinntak orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vest politidistrikt |
Webside | www.politiet.no/jobb |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Juridisk arbeid |
Sted | BERGEN (Adresse: Allehelgens gate 6 Postnr: 5016) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 27-11-2024 |