Pleieassistent på helg – Klinikk for sikkerheitspsykiatri/ Lokal sikkerheitspoat (LS), Helse Bergen HF
(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 17-03-2025
Deadline: 20-04-2025
Pleieassistent på helg
Lokal sikkerheitspost har no ledig faste helgestillingar, pt. 3. kvar helg for snarleg tilsetting.
Klinikk Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.
Eit viktig samfunnsoppdrag
Vårt samfunnsoppdrag er å gje behandling til mennesker med alvorleg psykisk liding, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gje alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik.
Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gje omsorg og behandling. Dette gjer vi gjennom fysisk utforming av sengepost, høg kompetanse og klare rutinar. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansera mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Observasjon av pasientar
- Dokumentasjon i pasientjournal
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak
- Følge opp pasientavtalar i henhald til behandlingsplan
- Delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphold på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med erfaring frå rus/psykiatri og miljøarbeid
- Studentar innan sjukepleie-, vernepleie-, psykologi- og medisin oppfordrast til å søke
- Søkar må meistre norsk, både skriftleg og munnleg
- Sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Du evnar å sette deg inn i andre sine kjensler og perspektiv.
- Du evnar å vise tolmod.
- Klare og effektive kommunikasjonsferdigheiter i samarbeid med kollegaer og pasientar.
- Du evnar å tilpasse deg ulike situasjonar og endringar i eit dynamisk arbeidsmiljø.
- Du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- Du er tilpassingsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning (resiliens)
- Du er ein god teamarbeidar og likar å jobbe tverrfagleg
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du etterspør rettleiing
Vi tilbyr
- Du vil få god opplæring og rettleiing
- Opplæring i «Møte med aggresjonsproblematikk» (MAP)
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Trygt og godt arbeidsmiljø
- Dette er ei stilling som gjev både fagleg og personleg utvikling
- Kompetente medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Charlotte Sunde, Ass seksjonsleiar, 55958354, charlotte.sunde@helse-bergen.no
Joachim Honningsvåg, Konstituert seksjonsleiar, 55958348, jcho@ihelse.net
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4938350881
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Klinikk for sikkerheitspsykiatri/ Lokal sikkerheitspoat (LS), Helse Bergen HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Andre helseyrker |
Sted | BERGEN (Adresse: Sandviksleitet 1 Postnr: 5036) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 6 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 20-04-2025 |