Pleie og omsorg søkjer – Aukra kommune Heimetenester

Health and social care Miljoarbeidere

(3 dager siden)

  • AUKRA
  •  Lagt til dato: 26. september 2024
  •  Expire date: 23. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 26-09-2024
Deadline: 23-10-2024

 

Pleie og omsorg søkjer

Liker du å vere aktiv saman med andre, samtidig som du er kreativ og ikkje er redd for å ta ei utfordring? Då oppfordrar vi deg til å søkje; Ledig vikariat som miljøterapeut innan psykisk helse- og rustenesta i Aukra!

Aukra kommune ønskjer seg nye medarbeidarar som kan vere med på å vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod. Den som vert tilsett skal ha tett samarbeid med andre einingar i kommunen og spesialisthelsetenesta. Stillinga som miljøterapeut skal i hovudsak ha ansvar for lavterskeltilbod og bistå personar med rettleiing i dagleglivets oppgåver som; helse, søknadar, bustad, økonomi, arbeid, aktivitet og fritid med meir. Stillinga inneber tett samhandling med andre tenester. Arbeidet er i hovudsak på dagtid, men ein må pårekna noko arbeid utanfor kjernetid ved behov. Næraste leiar er einingsleiar.

Om eininga/avdelinga

Stillinga er organisert i tenester for psykisk helse og rus som høyrer til under Tenester for heimebuande. Eininga består av heimesjukepleie, praktisk bistand, psykisk helse og rus og dagsenter for eldre. Tenesta psykisk helse og rus driv lavterskeltilbod, førebyggande arbeid, miljøarbeid og individuell oppfølging. Tenesta har fire tilsette. Dei bistår ungdom og vaksne med ulike utfordringar. 

Om du har høgskuleutdanning innan helse- eller sosialfag, og har lyst å bidra til utvikling av tenestetilbodet i Aukra kommune, kan dette vere ei stilling for deg. Arbeidet krev at du arbeider sjølvstendig, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne.

Vi ønskjer søkjarar med følgande kvalifikasjonar;
3-årig helse-/sosialfagleg utdanning frå høgskole evt. helsefag med solid erfaring frå feltet
Erfaring frå klinisk arbeid er ein fordel
God på observasjon, kommunikasjon og samhandling
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Fleksibel i tenesta og med gjennomføringsevne

Personleg eignaheit blir vektlagt 

Kompetanseheving
Tilgang på e-læringskurs

Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Løn etter tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

 Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Send søknad!
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen «Søk på stilling». Vi gler oss til å sjå din søknad!

Rekrutteringsfilm frå Aukra kommune:

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aukra kommune Heimetenester orgnr:
Kort om arbeidsgiver Pleie og omsorg har nytt omsorgssenter som sto ferdig i 2018. Tenester er samlokaliserte i omsorgssenteret med lang- og korttidsplassar i sjukeheim, 20 heildøgns omsorgsbustadar og dagsentertilbod for eldre og yngre. Legevaktsatelitt, som vert drifta av sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie. Kjøkkenet i omsorgssenteret leverer heimlaga middagar til bebuarar ved sjukeheim og til heimebuande. Eining Helse ligg i nærleiken av Aukra Omsorgssenter og det er etablert eit tett samarbeid mellom fastlegar, fysio- og ergoterapeutar, avdeling for i psykisk helse, institusjonstenester og heimetenester.

Eininga organiserer heimesjukepleie, praktisk bistand, teneste for psykisk helse og rus, dagsenter for eldre og yngre samt demenskoordinator, kreft- og palliasjonskoordinator og hjelpemiddelansvarleg. Basen til heimesjukepleia ligg i Aukra Omsorgssenter, som sto ferdig bygd i 2018. I omsorgssenteret har heimesjukepleia ansvar for 20 bustadar med heildøgns omsorg.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted AUKRA (Adresse: Omsorgssenteret Postnr: 6480)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/74c56549-48c9-48e9-90ab-a4e82a4a8836
IMPORTAPI