Stillingsbeskrivelse
Published 16-09-2024
Deadline: 06-10-2024
Plattformutviklar
Er du utviklar? Brenn du for miljøvennlege løysingar i samfunnet? I Skyss kan du vere med å gjere kvardagen betre for tusenvis av reisande kvar einaste dag.
Skyss skal tilby berekraftig rørslefridom med buss, bybane og båt, men også med nye og samansatte mobilitetsløysingar. For å få dette til, treng vi datadriven produkt- og tenesteutvikling
Vi søker ein samfunnsengasjert dataplattformutviklar som skal ha ei sentral rolle i å etablere ei ny digital plattform for Skyss. Du vil inngå i eit lite fagmiljø der du får rom til å påverke og sette retning for utviklinga. Dataplattforma blir utvikla i Azure Cloud og med Databricks som sentrale verktøy.
For å lukkast i rolla er det ein fordel med bakgrunn som utviklar i eit domeneorientert team.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle og forvalte Skyss sin digitale plattform saman med kollegaer i produktteamet
- Vere pådrivar for å finne nye områder og behov som kan støttast ved bruk av teknologi
- Bidra til kompetanseheving og erfaringsoverføring i fagmiljøet
- Fagleg støtte til leiinga
- Understøtte Skyss sine strategiske mål ved hjelp av til plattformutvikling
Kvalifikasjonar
- Vi treng deg som har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevant fagområde
- Kode (gjerne Python, eller SQL)
- Erfaring med CI/CD, Git/Gitlab
- Erfaring med IaC, til dømes Terraform
- Erfaring med drift av skyløysingar; mellom anna med vekt på kvalitet, tryggleik, stabilitet og skalerbarheit
- Erfaring med dataplattformer som Databricks, Snowflake e.l.
- Har arbeidd med utvikling av dataplattform og/eller utvikling av domeneorienterte tenester
Det er ein fordel (men ikkje eit krav) at du har kjennskap til:
- Moderne produktorganisasjonar
- Data- og hendingsdriven arkitektur
- Data mesh
- GDPR-relaterte utfordringar i ein dataplattform-kontekst
- Business intelligence, informasjonsforvaltning og/eller data science
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer godt og naturleg med alle. Opp, ned, til sida og med brukarane
- Har ein stil som motiverer andre, for i morgon må vi gjere det betre enn i dag
- Kan kommunisere og argumentere strukturert og datainformert, både munnleg og skriftleg
- Trivast med tverrfagleg arbeid
- Er sjølvgåande og initiativrik
- Er ein akselerator for at «ting blir gjort»
Vi tilbyr
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
- Høve til å utvikle seg fagleg
- Fleksibel arbeidstid
- Lønn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Arbeidsstad i Bergen, Leikanger eller Førde
Andre opplysningar
- Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad kan også bli vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonar
- Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder
- Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjordet sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjarar som har bede om unntak vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
André Tangen, leiar, 91807390
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4852361857
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Skyss orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Om Skyss Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke. Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal. Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner. Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss |
Webside | skyss.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | BERGEN (Adresse: Postnr: 5008) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-10-2024 |