Personell syketransportbil – Ambulanse avdeling 3, AMK og pasientreiser
Construction Andre ingeniorer(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 01-01-2025
Deadline: 13-01-2025
Personell syketransportbil
Pasientreiser har ansvaret for å organisere og koordinere transport med drosje, fly og helseekspress for pasientar. Vi er i dagleg kontakt med pasientar, helsepersonell og sjåførar gjennom sentralbordet vårt. Eininga tel 12 medarbeidarar og held til i Sjøhuset, Møllervegen 22 i Haugesund sentrum.
Vi skal no starte opp med sjuketransportbil i Helse Fonna. Denne skal køyre pasientar til og frå behandlingsstad, og vil brukast innanfor Helse Fonna sitt område. Her vil du arbeide tett saman med ein kollega, der de vekslar mellom å køyre og assistere pasienten bak i bilen. Arbeidsdagen er dynamisk og variert og gir deg høve til å møte pasientar med ulike behov.
Dette er eit prosjekt, og vi har derfor behov for to 100% prosjektstillingar i eitt år frå 15.03.25. Det kan bli moglegheiter for forlenging.
Det kan også bli aktuelt å arbeide delar av stillinga med reiseplanlegging. Konsulentane våre har ulike arbeidsoppgåver og det er behovet i eininga som til kvar tid avgjer kva arbeidsoppgåver ein blir sett til.
Arbeidsoppgåver
- Personell på sjuketransportbil
- Yte hjelp/omsorg/service
- Forflytning av pasientar, t.d. frå stol til seng.
- Kommunikasjon med pasient pasientreisekontor, AMK, avdelinger og andre samarbeidspartnarar
- Planlegge og koordinere reiser for pasientar
- Informasjon og rettleiing av pasientar og rekvirentar via telefon og e-post
Kvalifikasjonar
- Bestått 3-årig videregående skole
- Helsefaglig autorisasjon er ønskelig og kan bli vektlagd
- Førerkort klasse C1
- Du har fysikk til å utføre løft og flytting av pasientar
- Gode allmenne datakunnskaper
- Gode norskkunnskaper, minimum norsktest på C1 nivå.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er kunde- og serviceorientert
- er ansvarsfull, fleksibel, og god til å samarbeide
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
- er systematisk og nøyaktig
- er pliktoppfyllande og punktleg
- set pasienten i sentrum, tilpassar deg, og er imøtekommande og løysingsorientert
- er engasjert og bidreg til et godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Gode velferdsordningar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Svein Oddvar Moen, Avdelingsleiar, svein.oddvar.moen@helse-fonna.no
Marie Helen Hetland Kastrati, Funksjonsleiar, marie.helen.hetland.kastrati@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4899444142
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.04.2025
Sluttdato: 29.03.2026
Søknadsfrist: 13.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ambulanse avdeling 3, AMK og pasientreiser orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
|
Webside | helse-fonna.no |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Andre ingeniører |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Engasjement Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Videregående skole |
Tiltredelse | 01-04-2025 |
Søknadsfrist | 13-01-2025 |