Pedagogisk leiar – Vognstølen barnehage, Helse Bergen

Education Barnehagelaerer

(1 dag siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 26. desember 2024
  •  Expire date: 13. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 26-12-2024
Deadline: 13-01-2025

 

Pedagogisk leiar

Vognstølen barnehage er ein av fire barnehagar for tilsette i Helse Bergen og vi har plass til ca 70 barn i alderen 1-6 år. Vårt satsingsområde er livsmeistring og helse, og vi legg til rette for at barna utviklar sunn fysisk og psykisk helse. Vi legg vekt på barndommen sin eigenverdi kor læring skjer gjennom utforsking, leik og glede i gode samspel barn imellom, og mellom barn og vaksne. 

Vi søker ein stabil, fagleg og trygg pedagogisk leiar som er motivert for nye utfordringar. 

Som pedagogisk leiar må du:

  • vere ein aktiv bidragsytar i barnehagen si leiargruppe
  • vere ein positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • legge til rette for eit godt psykososialt barnehagemiljø
  • vere ein aktiv bidragsytar til fagleg utvikling i barnehagen
  • utøve fagleg skjønn og pedagogisk leiing i tråd med barnehagelov, rammeplan og interne planverk
  • leie avdelinga, herunder organisering og rettleiing av personalet
  • vere ansvarleg for eit godt foreldresamarbeid
  • vere ansvarleg for observasjonsarbeid og samarbeide med eksterne instansar ved behov

Kvalifikasjonar

  • godkjend utdanning som barnehagelærar
  • god norsk kunnskap, både skriftleg og munnleg
  • ved tilsetting må det leggast fram gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar

  • gode leiareigenskapar og god samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • ønskeleg med erfaring som pedagogisk leiar
  • respektfull i møte med barn, foreldre og kollegaer
  • påliteleg, imøtekommande og ansvarsbevisst
  • omsorgsfull og raus
  • strukturert og løysingsorientert
  • fordel med erfaring frå 1-6 årsavdeling

Vi tilbyr deg

  • spennande og engasjerande arbeidsdagar
  • fagleg og personleg utvikling
  • lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Gerd Bakken, Styrar, 55 97 49 48

Arbeidsstad

Haukelandsvegen 38
5096 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4900041744
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vognstølen barnehage, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehagelærer
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsvegen 38 Postnr: 5096)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/96715d20-b7fc-490b-8381-231e785b7af3
IMPORTAPI