Pedagogisk leiar – Vestly idrettsbarnehage, Time kommune

Education Barnehagelaerer

(2 uker siden)

  • LYE
  •  Lagt til dato: 7. november 2024
  •  Expire date: 24. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 07-11-2024
Deadline: 24-11-2024

 

Pedagogisk leiar

Vestly idrettsbarnehage har ledig fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.01.2025. I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.  

Vestly idrettsbarnehage er ein 10-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter som ligg midt mellom Bryne og Lye. Me er den største barnehagen på Jæren med ein kapasitet til 180 barn, som likevel gjer tryggleik og mestring til alle barna her. Barnehagen er ein stor moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom, gymsal, eiga personalavdeling og uteområde som kan delast i 3. Me har eigen minibuss som vert nytta kvar dag til ulike destinasjonar for barn over 3 år, samt elsyklar som vert nytta til turar i nærområdet. Me har eigen kokk som lagar varm lunsj, samt havregrynsgrøt til frukost og heimelaga brød til fruktmåltidet kvar dag.
Barnehagen har fleire fellesdagar der alle barn og vaksne deltek, og fokuset er på inkludering, meistring, rørsle og gøy. Me er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi, Stine Sofie stiftelsen sitt kompetanseløft og ASK. Me er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga ved UIS samt lærlingplass for både barne- og ungdomsarbeidar og kokk. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis. 
Totalt er me 13 pedagogar i tillegg til sosionom, spesialpedagog, fagarbeidarar, og lærlingar. I administrasjonen er det styrar og assisterande styrar.
Barnehagen har, barnehageåret 2024–2025, 7 avdelingar med 118 barn

Her kan du sjå litt frå kvardagen i barnehagen: Vestly idrettsbarnehage
 
Ikkje nøl med å ta kontakt om dette ser interessant ut eller du undrar på noko.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing av det pedagogiske arbeidet og organiseringa på avdelinga 
  • Arbeida målretta i tråd med lovverk og barnehagen sitt eige planverk i nært samarbeid med dei andre tilsette på avdelinga og i barnehagen
  • Fylja opp og rettleia personalet på avdelinga ved behov
  • Arbeida i tråd med barnehagen sitt barnesyn
  • Arbeida for eit trygt og godt barnehagemiljø for både enkelt barn og barnegruppe, foreldre og tilsette
  • Foreldresamarbeid på avdelinga
  • Delta i barnehagen si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Godkjent barnehagelærerutdanning  
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode norske språkferdigheiter – både skriftlege og munnlege
  • Gode evne til å synleggjera teori i praksis
  • Gode og tydelege leiareigenskaper
  • Personlege eigenskapar og egnetheit vil verta vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert, endringsvillig og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Du har godt humør, og er med på å skapa trivsel og humor i kvardagen
  • Du ser, forstår og har mot til å handla saman med kollega, barn og føresette 
  • Du har fokus på kosthald og rørsleglede
  • Du har fokus på nærvær

Vi tilbyr

  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
  • Kommunale og interne kurs og kompetanseutvikling
  • Ein arbeidsplass prega av humor og glede og med eit godt arbeidsmiljø
  • Å vera rettleiar for barnehagelærarstudentar frå UiS
  • Bedriftskunstforening
  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff

Kontaktinformasjon

Svein Magne Wilson Særheim, styrar, 47663145, svein.magne.wilson.saerheim@time.kommune.no

Arbeidsstad

Vestlyvegen 117
4347 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4881687958
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 24.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vestly idrettsbarnehage, Time kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Webside http://www.time.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehagelærer
Sted LYE (Adresse: Vestlyvegen 117 Postnr: 4347)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 24-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cfeefa7e-f134-495a-bb20-26944143ab54
IMPORTAPI