Pedagogisk leiar – Trollongane barnehage, Time kommune

Education Barnehagelaerer

(6 dager siden)

  • BRYNE
  •  Lagt til dato: 18. november 2024
  •  Expire date: 9. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-11-2024
Deadline: 09-12-2024

 

Pedagogisk leiar

Trollongane barnhage er en 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Vi ligg sentrumsnært på Bryne og er den mest søkte barnehagen i Time kommune dette året. Vi er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Vi er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS  I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis. Vi søker pedagogisk leiar som kan vere med å utvikle barnehagen vidare.  
Stillinga er ledig frå  1.1. 2025 eller etter avtale
 

Arbeidsoppgåver

Pedagogisk leiar har ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av pedagogisk arbeid.  
 
Samarbeid med føresette og personalleiing er òg ansvarsområde som følger stillinga. 

Kvalifikasjonar

Godkjent utdanning som barnehagelærar   
  
Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar   
  
For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28   
  
Me legg vekt på at du er eigna til stillinga   
  
Du må levera eigenerklæring for tuberkulose før du startar i stillinga   
 
Me krev politiattest for tilsetting i barnehage   

Personlege eigenskapar

Me søker etter fagleg trygge og tydelege leiarar som kan vera aktive deltakarar i utviklingsarbeid saman med andre leiarar og tilsette.   
 
Me er ute etter barnehagelærarar som har gode samarbeidsevner, god relasjonskompetanse og er gode på gruppeleiing.   
 
Me ønsker leiarar som har fokus på inkludering og autoritativ vaksenrolle.    

Vi tilbyr

Du får arbeida saman med dyktige, engasjerte kollegaer   
 
Fagleg utvikling    
 
Rettleiing som nyutdanna  
 
Tilbod om etter- og vidareutdanning   
 
Kommunale tilsetjingsvilkår og pensjonsordning   
 
Lønn etter tariff/avtale  
 
Lønn for relevant master 

Kontaktinformasjon

Tor Inge Pettersen, Styrar, +47 40078156

Arbeidsstad

Kjeldevegen 1
4344 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4879779397
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Trollongane barnehage, Time kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Webside http://www.time.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehagelærer
Sted BRYNE (Adresse: Kjeldevegen 1 Postnr: 4344)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3b825b7f-8ad0-4a9e-8412-500d7b122073
IMPORTAPI