Stillingsbeskrivelse
Published 16-03-2025
Deadline: 31-03-2025
Pedagogisk leiar
Orstad naturbarnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar med oppstart 04.08.25
Likar du å vere ute i naturen og ser på naturen som ein fantastisk plass å leike, lære og oppdage? Og har lyst å jobbe saman med den kjekkaste gjengen?
Då må du søke jobb hjå oss!
Orstad naturbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Orstad i Klepp kommune. Vi er ein naturbarnehage med naturen i fokus. Vi vil gje borna gode opplevingar gjennom leik og læring i naturen.
Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare læring. Pedagogisk leiar er ein del av av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. Vi er ein Marte meo sertifisert barnehage. Marte Meo er ein utviklingstøttande pedagogikk som vert brukt i veiledning av personale for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barna.
Arbeidsoppgåver
Leie og organisere det pedagogiske arbeidet i fht enkeltbarn og barnegruppa i tråd med barnehageloven sitt formål og rammeplan.
Pedagogisk leiar er ein del av barnehagens leiarteam gjennom å aktivt samarbeide med styrar, pedagogar, øvrige ansatte og føresette.
Ta initiativ til å være pådriver for fagleg utvikling og nytenkning, og sjå ein heilskapleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen.
Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelingen, og skal jobbe for at både barn, foreldre og medarbeidare har ein god kvardag i barnehagen.
Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna.
Kvalifikasjonar
Godkjend barnehagelærarutdanning. For søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge kreves det godkjenning for utdanningen fra utdanningsdirektoratet (NOKUT)
Søkarar må tilfredstilla krav som kjem fram i barnehagelova kapittel IV -personal
Godkjend politiattest må foreliggje før tiltredelse
For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehageloven §27 og §28
Personlege eigenskapar
Du har interesse for og ønske om å arbeide for barns beste
Du har blikk for barns leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute
Du er positiv, og vil vere med på å skapa/oppretthalde eit godt arbeidsmiljø
Du er engasjert, løysingsorientert, målbevisst og framtidsretta
Du er god til å arbeide både sjølvstendig og i team
Du har et bevisst forhold til til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt lederteam
Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel
Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv
Du har fokus på nærvær
Du må ha helse som er foreneleg med det å jobbe i barnehage
Vi tilbyr
Trivelege arbeidskollegaer, varierte arbeidsoppgåver og arbeidskvardag
Systematisk oppfølging av styrar
Fadderordning
Lønn for relevant master, og etterutdanning
Klesgodtgjersle erstatta av eiga ordning med innkjøp av arbeidskle
Løn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP
Kontaktinformasjon
Elin Solheim Pedersen, Styrar, +47 45037317
Arbeidsstad
Skogvegen 16
4353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4938436119
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Orstad naturbarnehage, Klepp kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne. Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel. Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering. |
Webside | http://www.klepp.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehagelærer |
Sted | KLEPP STASJON (Adresse: Skogvegen 16 Postnr: 4353) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-03-2025 |