Pedagogisk leiar – Kvernaland barnehage, Time kommune

Education Forskolelaerer

(17 timer siden)

  • KVERNALAND
  •  Lagt til dato: 17. oktober 2024
  •  Expire date: 29. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 17-10-2024
Deadline: 29-10-2024

 

Pedagogisk leiar

Lurer du på hvordan barnehager i Spania drives? Bli med oss så skal du få se!
Har du også lyst å jobbe i en kvalitetsbarnehage med gode arbeidsvilkår i Time kommune? Les videre da vel så får du vite hvorfor du skal søke oss oss!

Kvifor søke? Ved Kvernaland barnehage i Time kommune er det ledig fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.01.25. I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.  
Kvernaland barnehage er ein kommunal barnehage som sto ny i 2011. Fleire av personalet har vært med fra begynnelsen og har vært med på å forme barnehagen og det fysiske miljøet. Me har ein barnehage som bidrar til trivsel og glede i leik og læring. Miljøet innbyr til fysisk utfolding, eit godt og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen har areal og utstyr til leik og varierte aktivitetar som fremmar bevegelsesglede, gjer allsidig bevegelseserfaring, sanseerfaring og moglegheit til å læra og mestra. Me har lagt vekt på ein god veksling mellom leik, læring, konsentrasjon, utfoldelse og kvile. Miljøet er utforma slik at alle barn får gode moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktiviteter. Det er teke høyde for ulike pedagogiske trendar og skiftande bruk. Her kan du sjå litt meir om Kvernaland barnehage: https://youtu.be/1RU8LpRDQO0?si=aMTyrMXpCb3vXcie 

Kvifor søke på arbeid hjå oss?

  • Godt arbeidsmiljø: Kvernaland barnehage kan tilby eit positivt og støttande arbeidsmiljø der personalet verdsettas og trivast
  • Fokus på barnas trivsel og læring: Me har eit stimulerande læringsmiljø der barna trives og utvkiklar seg
  • Fagleg utvikling: Det er moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom kurs, jobbskyggeaktivitet i EØS/EU land og planleggingsdagar
  • Gode ressursar: Kvernaland barnehage kan tilby et godt barnehagebygg, leikar og støtte for personalet for å kunne utføre jobben på en effektiv og tilfredsstillande måte
  • Mogleghet for påvirkning og deltakelse: Som ansatt i Kvernaland barnehage har ein moglegheit til å bidra til utviklinga av barnehagen og vera med på å forma og implementera nye initiativar og tiltak

 

Arbeidsoppgåver

Me ser etter ein pedagog som kan:

  • gje barna ein god og trygg start på livet
  • følgja opp og utvikla tilsette på avdelinga
  • legge til rette for eit godt samarbeid blant kollegaer og med føresette
  • ta ansvar for planlegging, dokumentasjon og vurderingbidra til eit trygt og inkluderande miljø for både barn og tilsette
  • være med å utvikla barnehagen vidare

Kvalifikasjonar

  • Du har godkjent utdanning som barnehagelærar og helst erfaring fra arbeid som pedagogisk leiar
  • Andre med annen relevant høgskule-/universitetsutdanning innan barnehagepedagogikk er velkomne til å søka
  • Du har godt humør, og bidreg til å skapa trivsel og humor i kvardagen
  • Du er løysningsorientert og målbevisst
  • Du er fagleg engasjert, aktiv, framtidsretta og nytenkande
  • Du kan arbeida godt både sjølvstendig og i team og er entusiastisk
  • Du ser, forstår og har mot til å handla saman med kollega, barn og føresette
  • Du har et ynskje om å vidareutvikla barnehagen 
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Me legg vekt på at du er eigna til stillinga

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstår klar og tydeleg
  • Me søkjer etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid saman med andre leiarar og tilsette.
  • Me søkjer etter deg som liker godt å være saman med barn og som evnar å omsette teori ut i praksis.
  • Me er ute etter barnehagelærarar som har gode samarbeidsevner, god relasjonskompetanse og er gode på gruppeleiing.
  • Me ønsker leiarar som har fokus på inkludering og ein autoritativ leiarstil.

Vi tilbyr

  • God pensjonsordning, offentlig tenestepensjon fra KLP.
  • Lønn etter tariff avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
  • Deltakelse i internasjonale og lokale prosjekt.

Kontaktinformasjon

Maria Tjaum Eimstad, Styrar, +47 920 67 554

Arbeidsstad

Holmebakken 45
4355 Kvernaland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4872648193
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvernaland barnehage, Time kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Webside http://www.time.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted KVERNALAND (Adresse: Holmebakken 45 Postnr: 4355)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e95e7df6-8c0f-4045-95c4-4f8159e476f5
IMPORTAPI