Stillingsbeskrivelse

Published 20-03-2025
Deadline: 13-04-2025

Pedagogisk leiar i Syltebøen barnehage

Fjord kommune har ledig ei fast stilling som pedagogisk leiar og eit årsvikariat i Syltebøen barnehage frå 4. august 2025. Tidlegare oppstart kan vere aktuelt. 

Syltebøen barnehage ligg sentralt til i bygda Valldal med tilgang til eige uteområde og natur i nærområdet. Barnehagen har pr. i dag 14 tilsette (assistent, barne- og ungdomsarbeidarar, ped.leiarar og styrar) fordelt på 56 barn.  

Barnehagen vil frå sommaren ha fire avdelingar – To småbarnsavdelingar (0 – 3 år) og to storbarnsavdelingar (4 – 6 år).

Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med heimen til barna. Alle barn i barnehagen skal oppleve tryggleik og inkludering og barna skal verte lytta til og takast på alvor.

  • Barna skal oppleve barnehagen trygg og inkluderende.
  • Barna skal oppleve vennskap og samhald.
  • Barna skal lære seg å ha respekt for kvarandre, og verdsette dei likheiter og ulikheiter som finst i barnehagen

Søkjarar vert kalla inn til intervju

Arbeidsoppgåver

  • Pedagogisk leiar ha ansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med godt fagleg skjønn.
  • Veileding og sørgje for at barnehageloven og rammeplan oppfyllast
  • Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
  • Skape ein barnehagekvardag med rom for fordjuping i temaarbeid
  • Medansvar i arbeidet med HMS
  • Ta imot og gi pedagogisk veileding
  • Tilretteleggje for samarbeid med føresatte og gjennomføring av samtale og møter.
  • Ansvar for IUP-arbeid til barn på avdelinga som har vedtak

Kvalifikasjonar

  • Barnehagelærar eller anna 3-årig pedagogisk høgskoleutdanning med årstudium i barnehagepedagogikk
  • Barne- og ungdomsarbeidar eller andre som er under utdanning til å bli barnehagelærar har og høve til å søkje.
  • God datakunnskap og har erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy
  • Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg – kommunen har nynorsk som målform.
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide
  • Du har erfaring frå fagområdet, arbeide målretta og engasjere andre.
  • Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt. 
  • Du har positiv innstilling og godt humør
  • Du har god digital kompetanse
  • Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie

Vi tilbyr

  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • Pedagogisk tilllegg er per dd. 25 000 NOK.
  • Lønn i samsvar med avtaleverk
  • Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot

Kontaktinformasjon

Torill Brastad, Styrar Syltebøen barnehage, +47 41867881

Arbeidsstad

Olavsgata 20
6210 Valldal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune

Referansenr.: 4941743347
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 04.08.2025
Søknadsfrist: 13.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Oppvekst og kultur Fjord kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

Webside http://www.fjord.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted VALLDAL (Adresse: Olavsgata 20 Postnr: 6210)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 04-08-2025
Søknadsfrist 13-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/54b3afa5-539c-4951-9f82-3745970aceba
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31