Stillingsbeskrivelse

Published 26-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Pedagogisk leiar i Høre barnehage -100 % fast stilling med rekrutteringstiltak!  

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar i Høre barnehage frå januar 2025.

Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjert pedagog som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.
Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst. Vert du med oss på laget?

Kva kan me tilby?

  • Gode lønsvilkår for pedagogiske leiarar – 10 års tilleggsansiennitet
  • Flyttegodtgjering om du flyttar til Vang kommune
  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Ein barnehage med stort inneareal, gymsal og store og gode uteområder
  • Ein variert kvardag, med mange spennande arbeidsoppgåver
  • I Vang er det godt å bu! (Sjå oppramsa fordeler nedst i annonsa)
  • Me kan hjelpe til å ordne bustad
  • Gode forsikrings – og pensjonsvilkår

Høre barnehage
Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er en to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen gymsal og stort uteområde.
Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og småbarnsavdeling i kjellaren.
I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus. Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.
Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På veldig kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller på avdelinga.

Arbeidsoppgåver

Me søkjer etter ein fagleg sterk og engasjerte pedagog som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.

  • Dagleg leiaransvar og overordna administrativt og pedagogisk ansvar
  • Ansvar for å gjennomføre og synliggjere pedagogisk utvikling
  • Betrakte barnehagen som heilheit og ha omsorg for alle barn

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Gjerne med spesialpedagogisk kompetanse og erfaring 
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg – Vang kommune nyttar nynorsk som målform. 

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

  • er supermotivert til å arbeide med barn.
  • er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • er strukturert og endringsvillig
  • fleksibel
  • lærevillig, trygg og ansvarlig

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen har personalbustadar for leige
  • Flyttegodgjersle etter kommunens reglement
  • Vang kommune nyttar nynorsk som målform

Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor. 
Ved tilsetjing skal gyldig politiattest leverast før oppstart.

Kontaktinformasjon

Heidi Lynge Kvale, Syrar Høre barnehage

Arbeidssted

Hørevegen 270
2975 VANG I VALDRES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune

Referansenr.: 4889671480
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vang Kommune, Høre barnehage orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha «vestlandsfjell med austlandsklima«, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

 
Webside http://www.vang.kommune.no/tenester/oppvekst-kultur-og-integrering/skule-og-barnehage/barnehage/hore-barnehage/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehagelærer
Sted VANG I VALDRES (Adresse: Hørevegen 270 Postnr: 2975)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3e0d9364-75f1-43c5-902e-a1e7804995c2
IMPORTAPI