Pedagogisk leiar/Barnehaglærar – Avdeling Søvik barnehage, Haram kommune

Kontor og økonomi Megling

(5 dager siden)

  • SØVIK
  •  Lagt til dato: 1. juli 2024
  •  Expire date: 4. august 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 01-07-2024
Deadline: 04-08-2024

 

Pedagogisk leiar/Barnehaglærar

Søvik barnehage har ledige stilling i 100% fast for pedagogisk leiar/barnehagelærar.

Søvik barnehage har tre avdelingar. Barnehagen ligg i naturskjønne omgjevnadar, med fjøra rett utanfor gjerdet og kort veg til skog og fjell. Barnehagen har eige naust, båt og gapahuk ved strandkanten. Det er ønskelig at vår nye kollega er komfortabel og trygg på båtliv, men ikkje noko krav. 
Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte tilsette med lang erfaring. Hos oss er gode heilskaplege tenester i fokus og vi jobber på tvers for å skape gode tjenester for innbyggarar og næringsliv. 
Vi søker etter deg som er aktiv, leiken og engasjert, som har evne til å ta utfordringer, sjå moglegheiter og ta ansvar. Du bidrar til å skape eit trygt og godt barnehage/ arbeidsmiljø til det beste for barna og kollegaene dine.  Du er engasjert og omsorgsfull, og ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. 
Høyres dette kjend ut, ønsker vi kontakt med deg og håper du vil søke på stillinga.

Arbeidsoppgåver

Som pedagogisk leiar har ein ansvar for å: 

  •  Iverksette og leie det pedagogiske arbeidet på si avdeling/base, i tråd med ramme – og lovverk (jf. Barnehageloven og Rammeplan for barnehage). 
  •  Rettleie og sørge for at barnehagelova og rammeplanen vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet.
  •  Leie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innafor dei områda du er sett til å leie.

Kvalifikasjonar

For stilling som pedagogisk leiar/barnehagelærar er det krav om utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med vidareutanning i barnehagepedagogikk. 
Søkar må vidare:

  •  levere oppdatert politiattest
  •  jobbe i tråd med barnehagelova
  •  ha gode norskkunnskaper. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk må fylle språkkrav jamfør Barnehagelova §18b.
  •  jobbe i tråd med Haram Kommune sine retningsliner.

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som har evne til å

  • vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring.
  • jobbe sjølvstendig og vere synleg i gruppa
  • motivere og vere ein pådrivar i både det praktiske og faglege arbeidet
  • bruke kompetansen du har, samt halde deg oppdatert både fagleg og det som ellers skjer på eigen arbeidsplass.
  • vere kreativ, jakte på nye idear og vise vilje til nyskapning.
  • vere bidragsyter i ein levende og lærande organisasjon, både i kvardagen og på personalmøter, planleggingsdager og i oppfølging av kurs
  • jobbe målretta, syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus. 
  • samarbeide med styrar, pedagogisk leiar, andre tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar som til dømes skule, PPT, barnevern og helsestasjon
  • vere ein god rollemodell
  • vere inkluderande og bidra til eit godt arbeidsmiljø/psykososialt miljø for både barn og voksne, her under utøve nulltoleranse for mobbing og andre krenkingar jf barnehagloven.
  • sikre barns rett til medverknad og involvering.
  • vere trygg og komfortabel med båt og turar på sjøen.
  • ha god arbeidskapasitet

Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit fagleg miljø
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fin beliggenhet, nær sjø, skog og skule.
  • Eige naust med båt.
  • Lønn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Lise Søvik, Styrar, 99709302, lise.vilnes.sovik@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Plassen 19
6280 Søvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4835067403
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2024
Søknadsfrist: 04.08.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling Søvik barnehage, Haram kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Megling
Sted SØVIK (Adresse: Plassen 19 Postnr: 6280)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-10-2024
Søknadsfrist 04-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c6b6180a-dd6c-4035-b587-ed7fd70aa061
IMPORTAPI