Stillingsbeskrivelse

Published 17-03-2025
Deadline: 01-04-2025

Pedagogisk leiar 100% vikariat i tida 01.08.25-14.08.26

Me søkjer etter ein barnehagelærar/pedagog som vil vera med å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barn. Du må ha evna til å skape gode relasjonar til barn, og ha eit ynskje om å vera med å forme kvardagen til barna i Edland barnehage.

Har du lyst til å vera med å utvikle og prege arbeidet i Edland barnehage, vil me gjerne ha deg med på laget!

Velkomen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdeling
  • Medansvar for det pedagogiske arbeidet i heile barnehagen
  • Leiing av dei tilsette på avdeling
  • Vera ein del av leiarteamet i barnehagen
  • Medansvarleg for dagleg drift av barnehagen
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna
  • Bidra til lærande fellesskap i barnehagen
  • Bidra til godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
  • Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning
  • Anna relevant pedagogisk utdanning
  • Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg (minimum B2)

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, raus og tydleg pedagog
  • Du har evna til å skape gode relasjonar til barn og vaksne
  • Du er engasjert og tek initiativ
  • Du er fleksibel og finn løysingar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette og andre samarbeidspartar
  • Du må vera glad i aktivitet, både inne og ute
  • Du må trivast i ein hektisk kvardag
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit godt fagleg miljø, med fokus på kvalitet
  • Varierte og spennande utfordringar
  • Ein arbeidsplass prega av humor og glede
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf Barnehagelova §30. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.

Aktuelle kandidatar blir kontakta, og kalle inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Katrine Grindalen, Verksemdsleiar Edland barnehage, +47 41540655

Arbeidsstad

Storegutvegen 76
3895 Edland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4939855835
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Edland barnehage, Vinje kommune orgnr: 975315428
Kort om arbeidsgiver

Barnehagekvardagen i Edland er fylt med humor og glede, vennskap og trivsel for både store og små. I gangane og på avdelingane møter du musikk, latter, glede, humor, rare sprell og kule aktivitetar.

Me er ein god gjeng med omsorgsfulle og tydelege tilsette, som er til stades og møter barn, foreldre og kvarandre med openhet og respekt. Me har ein visjon om at saman skapar me trygge og robuste barn og vaksne. 

Barnehagen har 4 avdelingar, som held til i rolege og naturskjønne omgivelsar. Me har skog, jorde, fotballbane, sykkelbane og ljosløyper rett utanfor døra. Gymsal, svømmebasseng og bibliotek ligg ein kort spasertur unna. Me brukar nærområdet aktivt, og både barn og tilsette er glade i å vera mykje ute. Leiken har ein stor og sentral plass i Edland barnehage.

Barnehagen har eigen matansvarleg, så små og store får god og næringsrik mat servert.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehagelærer
Sted EDLAND (Adresse: Storegutvegen 76 Postnr: 3895)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f3a16532-5a17-4c75-b38e-a209de6638d5
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31