Pedagog på tilrettelagt avdeling – OLS – OLSVIKÅSEN VGS, Vestland fylkeskommune

Utdanning Grunnskole

(2 uker siden)

  • OLSVIK
  •  Lagt til dato: 13. april 2025
  •  Expire date: 28. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 13-04-2025
Deadline: 28-04-2025

Pedagog på tilrettelagt avdeling

Skulen har om lag 550 elevar. Vi tilbyr programfagområda helse- og oppvekstfag, studiespesialiserande og kunst, design og arkitektur. I tillegg til vårt tilbod i helse- og oppvekstfag med ordinært opplæringstilbod har vi tilbod om helse- og oppvekstfag som inkluderer studiespesialiserande fag. Innanfor særskilt tilrettelagt opplæring har vi tilbod om kvardagslivstrening og arbeidstrening.

Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert plassert ved  foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med  gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.

På Olsvikåsen vgs er nærleik eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.

Du kan lese meir om oss her.

Arbeidsoppgåver

  • undervisning
  • leie det pedagogiske arbeidet i klassen
  • rettleie miljøfagarbeidarar
  • utarbeide individuelle opplæringsplanar 
  • pedagogisk utviklingsarbeid, i tråd med skolens pedagogiske plattform og utviklingsplan 
  • bygge opp fagmiljøet i samarbeid med leiar og miljøfagarbeidarar  Skule – heim samarbeid og samarbeid med andre instansar 

Kvalifikasjonar

  • spesialpedagogisk kompetans
  • yrkesfaglærar med fagbrev som Barne og ungdomsarbeidar eller Helsefagarbeidar
  • høgare utdanning innan Helse- og oppvekstfag som til dømes barnehagelærar, vernepleiar, sjukepleiar
  • godkjent pedagogisk utdanning
  • relevant praksis innan fagområda vil bli vektlagt
  • gode IKT- ferdigheiter
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • gode evner til kommunikasjon
  • god til å bygge relasjonar både til elevar og tilsette
  • evne til samarbeid og til teamarbeid
  • evne til å stå i utfordrande situasjonar over tid
  • tolmodig
  • evne og vilje til å sette langsiktige mål
  • å vere personleg eigna er særs viktig i denne stillinga  

Vi tilbyr

  • eit aktivt og stimulerande fagmiljø
  • ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
  • løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysninger

  • vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste
  • søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
  • administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
  • den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest av nyare dato

Kontaktinformasjon

Vivian Norstrand, avdelingsleiar, 90835519, vivian.norstrand@vlfk.no

Arbeidsstad

Olsvikåsen 152
5183 Olsvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4954866742
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 28.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver OLS – OLSVIKÅSEN VGS, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted OLSVIK (Adresse: Olsvikåsen 152 Postnr: 5183)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Videregående skole
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 28-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3316961e-c677-478e-802c-f5cbed6d9907
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31