Ped.psyk.rådgivar – barnehage – Pedagogisk fagsenter, Ålesund kommune

Education Forskolelaerer

(15 timer siden)

  • ÅLESUND
  •  Lagt til dato: 19. september 2024
  •  Expire date: 6. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 19-09-2024
Deadline: 06-10-2024

 

Ped.psyk.rådgivar – barnehage

Ålesund PPT har ledig  100% fast stilling som ped.psyk.rådgivar for arbeid på barnehageområdet med tildtreding så snart som råd. 

PPT i Ålesund kommune er ei av dei store PP-tenestene i Noreg og dekkjer eit stort geografisk område med 50 barnehagar.

Tenesta sine arbeidsoppgåver er heimla i Barnehagelova. PPT skal hjelpe barnehagane i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilretteleggje barnehagetilbodet for barn med særlige behov og sørgje for at det blir utarbeidd sakkyndige vurderingar der lova krev det.

Vi søkjer etter medarbeidar til arbeid i tenesteområde barnehage. Arbeidet vil i hovudsak vere knytt til førebyggande arbeid, kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling samt utarbeiding av sakkunnige vurderingar der lova krev det. Arbeidet vil gå føre seg ute i barnehagar i møte med og i tett samarbeid med barn, foreldre og personale. Det vert stilt krav om gode evner til samarbeid, fleksibilitet, til det å kunne arbeide sjølvstendig og målretta, og tidvis tole høgt arbeidspress. Det blir stilt krav om at den tilsette kan nytte eigen bil i arbeidet.  

Arbeidsoppgåver

  • Kompetanseheving og utviklingsarbeid i samarbeid med barnehagar for å fremje gode og likeverdige tilbod. Dette vil gjelde førebygging, tidleg innsats, trygt og godt barnehagemiljø samt rådgjeving og støtte i overgangar mellom barnehage og skule.  
  • Utvikle gode individuelle tiltak som tek vare på barna sine behov for omsorg og leik, og fremjer læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling .
  • Kartlegging og utarbeiding av sakkunnige vurderingar der lova krev det.
  • Dialog med og rettleiing av føresette og tilsette i barnehage.
  • Hjelpe barnehagane i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling .

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter ped.psyk rådgjevar/rådgjevar med mastergrad innan tenesta sine fagområde og solid bakgrunn med erfaring og kompetanse frå barnehageområdet. 
  • Søkjar må ha utdanning frå universitet/ høgskule innan fagområda spesialpedagogikk/ pedagogikk/ psykologi/ pedagogisk-psykologisk rådgjeving, rådgjeving eller utdanning knytt til organisasjons- og utviklingsarbeid.
  • Det vert stilt krav om gode evner i norsk munnleg språk og skriftleg framstilling.
  • Det er ønskjeleg at søkjar har rettleiarkompetanse samt aktuell test- og kartleggingskompetanse.
  • Erfaring frå arbeid i barnehage er ønskjeleg.
  • Det blir sett krav til at søkjar har sertifikat og kan stille eigen bil til disposisjon for arbeidsgjevar 

Personlege eigenskapar

PPT søker deg som 

  • har gode samarbeidsevner og kan motivere andre.
  • er sjølvstendig og arbeider målretta
  • er fagleg fokusert og evnar å vidareformidle og rettleie
  • har evne og vilje til å tileigne deg relevant fagkunnskap
  • har gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • Referansar og personlege eigenskapar vil verte vekta

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Sjølvstendig arbeid med faglege utfordringar
  • Varierte og utfordrande oppgåver
  • Ein arbeidsplass som er inkluderande arbeidsliv (IA) – bedrift
  • Tenesta arbeider etter verdiar og mål for Ålesund kommune.

 

Tilsettingsvilkår

  • Løn iht. hovedtariffavtale.Arbeidstid: Normal arbeidstid er frå kl. 08:00 – 16:00.
  • Det må framvisast politiattest av ny dato før tiltreding.
  • Det er viktig at alle opplysingar det verdt bedt om i søknadsskjemaet blir utfylt.  Etter søknadsfristen, vil det bli satt opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysingar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Iht. Offentlighetsloven § 25 kan opplysingar om søkjar bli offentlege sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjalista. Dersom anmodinga ikkje blir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
  • Aktuelle søkjarar vil bli kalt inn til intervju. Attesterte kopiar av vitnemål og attester skal takast med til intervju.

 

 

Kontaktinformasjon

Solfrid Stavdal, Verksemdsleiar, 412 98 311, solfrid.m.stavdal@alesund.kommune.no
Solveig Hoseth, Avdelingsleiar barnehage, 901 95 840, solveig.hoseth@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Borgundfjordvegen 116
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 4861544159
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Pedagogisk fagsenter, Ålesund kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Webside http://www.alesund.kommune.no
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted ÅLESUND (Adresse: Borgundfjordvegen 116 Postnr: 6017)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/320072bc-6a8f-4ac9-8d67-4734a795d94c
IMPORTAPI