Stillingsbeskrivelse

Published 18-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Øygarden lokalmedisinske senter

Om avdelinga:

Ved Øygarden Lokalmedisinske senter jobbar flinke sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, ergo-/fysioterapeutar og legar i lag for å gje gode tverrfaglege tenester. Målet er å gje pasientane trygge og profesjonelle tenester, for å skape gode pasientforløp og god overgang til heimen. 

Øygarden lokalmedisinske senter inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste. Stillinga er knytt til Øygarden lokalmedisinske senter, for tida  3. etg Sør med kortidssenger og senger for lindrande behandling.  

Stillinga blir lagt i årsturnus med 16 helgar.

Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging, pleie og behandling av pasientane
  • Arbeide for å hjelpe pasienten til å nå sine mål og avdekke kva som er viktig for dei
  • Arbeide lojalt og aktivt med Øygarden lokalmedisinske senter sine kvalitetsrutinar og fagprosedyrar
  • Rettleiing, opplæring og utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg arbeid
  • Vere ein god rollemodell for å skape eit kreativt og utviklande fagmiljø
  • Ta ansvar for bestilling av mat og halde orden i avdelinga
  • Assistere sjukepleiarar og ta ansvar for delegerte oppgåver

Kvalifikasjonar: 

Må ha:

  • Autorisert helsefagarbeidar
  • Erfaren assistent eller andre med relevant bakgrunn kan også søke.

Personlege eigenskapar:

  • Du er opptatt av pasienten sin rett til medbestemmelse og involverar pårørande
  • Du ønskjer å jobbe med korttidspasientar, palliative pasientar og ØH-pasienter
  • Du tykkjer det gir meining at dei fleste pasientane har nytte av  opptrening og rehabilitering.
  • Du vil jobbe for å nå måla som blir sett for pasienten
  • Du viser engasjement i arbeidet ditt
  • Du har respekt for andre og deler din kunnskap med dei som treng det
  • Du er open,  nysgjerrig og gir beskjed når det trengs
  • Du ønskjer eit spanande fagmiljø med godt kollegafellesskap
  • Du har god IT-kunnskap
  • Du er systematisk og har god orden
  • Du snakkar og skriv godt norsk. Krav minimum B-2 i norsk.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling

Kontakt:

Tonje Tangen Alvsvåg – Einingsleiar 55 09 72 20

Regine Ulveseth – Avdelingsleiar 55 09 74 38

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Øygarden kommune Øygarden lokalmedisinske senter orgnr: 924204281
Kort om arbeidsgiver Øygarden lokalmedisinske senter (LMS) er på 9 300 kvadratmeter og er lokalisert i helseområdet på Straume i Øygarden. Senteret inneheld ulike helsetenester, både kommunale, fylkeskommunale og private, i tillegg til spesialisthelseteneste.
Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted STRAUME (Adresse: Blombakkane 77 Postnr: 5354)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4b2a55a1-89e1-4de3-a647-948590728c89
IMPORTAPI