Overlegevikariat pediatri – Kvinne- og barneklinikken / avdeling barne- og ungdomsklinikk, Helse Stavanger HF
Health and social care Lege(16 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 27-11-2024
Deadline: 12-12-2024
Overlegevikariat pediatri
Velkomen til oss ved Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger! Vi har ledig eit 12 månaders overlegevikariat frå januar 2025.
Kven er vi?
Vi behandlar born i alle aldersgrupper, 0-18 år. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge og poliklinikk. Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har ca 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18.000 konsultasjonar/år.
Vi har 42,5 legestillingar korav 19,5 er overlegestillingar tilknytta born/ungdom. Overlegane er fordelt i fleire faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Vi har utdanningsansvarleg overlege, eit CL-team med psykologar og eit tverrfagleg barnepalliativt team.
Pga. fråvere i fleire fagfelt søker vi etter ein kollega med brei pediatrisk kompetanse, og interesse for/erfaring frå eitt eller fleire av følgande fagfelt: Gastroenterologi, infeksjonsmedisin/immunsvikt, endokrinologi, lungemedisin.
Gastroseksjonen har ein IBD-dagpost, og ein samarbeidar med gastroenterologisk avdeling rundt ungdomspopulasjonen med IBD. Det er etablert eit kvalitetsregister for funksjonelle mage- og tarmsjukdomar hos born, og ein jobbar med utvikling av digital poliklinikk knytta til dette prosjektet. Endokrinologisk seksjon har m.a. utarbeida Fast-track journal for diabetesoppfølging, og det pågår eit prosjekt for å utvikla tilsvarande journal for fedme og annan barneendokrinologi. Legane samarbeidar tett med diabetessjukepleiar på poliklinikken. Lunge-/allergiseksjonen har høg aktivitet og ein godt utbygd poliklinikk som utfører dei aller fleste undersøkingar innan lungemedisin. Det blir utført allergivaksinering og matvareprovokasjonar, og det pågår fleire kliniske studier knytta til seksjonen. Infeksjonsmedisin/immunsvikt er eit kjerneområde på akuttpost og poliklinikk, og ein behandlar og følger opp pasientar med alle typar immunsvikt og infeksjonar. Fleire av legane ved avdelinga har utført doktorgradsarbeid om borreliose. Det pågår kliniske studier i samarbeid med lungeseksjonen.
BUK har eit aktivt forskingsmiljø og det er gode moglegheiter for å delta i forsking i kvart av desse fagfelta. BUK underviser medisinstudentar frå Universitetet i Bergen og medisinstudentar tilknytta Vestlandslegen.
Kva tilbyr vi?
Hos oss inngår du i eit triveleg arbeidsmiljø med spanande faglege utfordringar med eit stort spenn av ulike tilstandar og diagnosar. Du får gode moglegheiter for utvikling og forsking. Du blir del av eit hyggeleg kollegium med mange sosiale treff. Vi tilbyr deltaking i 12-delt bakvaktsjikt, med anten fri kvar 12. veke eller avspaseringsdagar fordelt jamnt utover i turnusen. Det er mogleg å ha redusert UTA om det er ønskeleg. Kursdeltaking i henhold til tariffavtale (inntil 10 dagar per år), og vi oppfordrar legane til å delta i nasjonale barnelegemøte, interessegrupper o.l. Det er ønskeleg at alle overlegar tar veiledningskurs og dette blir tilbydd om ein ikkje har det frå før.
Stavanger er ein triveleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg på vatnet eller i fjellet.
Praktiske forhold:
Det er no ledig eit 12 mndr overlegevikariat frå 01.01.25. Det vil vera moglegheit for forlenging. Ved intern tilsetjing kan det bli ledige vikariat.
Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Attester, referansar og eventuell annan relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden.
Ta kontakt med avdelingsoverlege om du har spørsmål!
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver vil omfatta arbeid ved sengepost og poliklinikk. Vaktarbeid i p.t. 12-delt sjikt (bakvakt).
- Legen deltar i avdelinga sitt undervisningsprogram, i supervisjon og rettleiing av legar i spesialisering, i studentundervisning samt i faggruppe lunge.
Kvalifikasjonar
- Vi søker primært etter spesialist i pediatri. LIS med kort tid igjen til spesialitet kan også vurderast for stillinga. Resterande tenestetid og etterspurt kompetanse må i så fall oppgjevast i søknaden.
- Søkar bør ha interesse for/kompetanse i eitt eller fleire av dei nemnde fagfelta, i tillegg til generell pediatrisk erfaring.
- Det er ønskeleg at søkar har forskingserfaring/interesse for forsking.
- Søkar må ha norsk autorisasjon.
- Søkar må beherska norsk skriftleg og munnleg svært godt. Søkarar med anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må min. ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
- Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.
Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjement og god vurderingsevne.
- Evne til å prioritera, vera tydeleg og ta avgjerder.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med kolleger og pasienter.
- Evne til å arbeida strukturert, effektivt og målretta.
- Evne til både å jobba sjølvstendig og tverrfagleg i team.
- Søkar må vera ansvarsbevisst, fleksibel og løysingsorientert.
- Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet, både fagleg og kollegialt
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå.
- Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
- God pensjons- og forsikringsordning.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderende arbeidsliv(IA)-bedrift.
- Gode velferdsordningar som turgruppe og bedriftidrettslag.
Vi oppfordrer alle søkere til å benytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Mangfoldserklæring
Foretaksgruppen i Helse Vest ønsker å gjenspeile mangfoldet i befolkningen i vår rekruttering. Vi oppfordrer alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillinger uansett kjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det samme gjelder dersom man har hatt et lengre opphold fra arbeidslivet. Foretaksgruppen Helse Vest ønsker å legge til rette for et inkluderende rekruttering.
Kontaktinformasjon
Ann Marit Gilje, Avdelingsoverlege, +47 90 18 93 84, ann.marit.gilje@sus.no
Arbeidssted
Gerd Ragna Bloch Thorsens gate
4019 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Stavanger HF
Referansenr.: 4890517414
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 12.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kvinne- og barneklinikken / avdeling barne- og ungdomsklinikk, Helse Stavanger HF orgnr: 974703300 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Stavanger HF, Stavanger universitetssjukehus, har ansvar for spesialisthelsetjenesten i Sør-Rogaland. Med nærmere 8000 ansatte er vi en av regionens største arbeidsgivere. Pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, pasientopplæring og forskning er våre hovedoppgaver. Les mer på www.helse-stavanger.no. Helse Stavanger HF skal så langt som mulig gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Vi ønsker å rekruttere medarbeidere uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetjenesten. |
Webside | |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | STAVANGER (Adresse: Gerd Ragna Bloch Thorsens gate Postnr: 4019) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 12-12-2024 |