Stillingsbeskrivelse

Published 17-12-2024
Deadline: 27-01-2025

 

Overlege ved avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP)

Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. Psykiatrisk klinikk er i ei spennande utvikling med planar for framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet og i Årstadhuset på Haukeland 2028/2029.

Avdeling spesialisert psykosebehandling er i dag lokalisert i på Sandvikenområdet, er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon Psykisk helsevern. Avdelinga består av 5 døgnseksjonar; Akutt psykose S3, S4 og S5, Kompleks rehabilitering (KRS) Tidleg psykose (TP). I tillegg har avdelinga ansvar for polikliniske tenester, derunder eit ambulerande UUP-team (utviklingsforstyrringar/utviklingshemming og psykoselidingar).

Avdeling spesialisert psykosebehandling har nå ledig ein fast overlegestilling.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av psykosepasientar i tverrfagleg team
  • Vere fagleg ansvarleg for vedtak for pasientar på tvungen psykisk helsevern 
  • Vere pådrivar for kvalitetsforbetring og fagutvikling
  • Rettleiing av legar i spesialisering
  • Medverke til å utvikle eit trygt og godt fagleg felleskap for alle yrkesgrupper
  • Samarbeid med andre relevante avdelingar i og utanfor sjukehuset 
  • Delta i klinikkens bakvaktsordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i psykiatri
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta og tverrfagleg arbeid i psykisk helsevern
  • Erfaring frå klinisk arbeid med psykosepasientar
  • Erfaring frå tverrfagleg  samarbeid internt og eksternt 
  • Må beherske norsk eller et skandinavisk språk munnleg og skriftleg
  • Det er ønskeleg med akuttpsykiatrisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du skapar gode relasjonar og samhald 
  • Du er  inkluderande og involverande 
  • Du tåler å stå i krevande situasjonar 
  • Du arbeider planmessig og strukturert 
  • Du kan ta avgjerder som er til det beste for pasienten og det samla tenestetilbodet

Vi tilbyr

  • Eit aktivt kompetanseutviklingsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personlig utvikling
  • Lønn etter avtale

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristin Hårklau Ulltang, Rådgjevar, 41549489

Arbeidsstad

sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4884397586
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Psykiatrisk klinikk/ Avdeling spesialisert psykosebehandling, Helse Bergen orgnr: 975326349
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: sandviksleitet 1 Postnr: 5036)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/01b56da4-a61c-4d4a-9102-eb0de75dd007
IMPORTAPI