Overlege ved Avdeling for Rusmedisin (AFR) – Helse Bergen

Health and social care Lege

(4 dager siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 27. oktober 2024
  •  Expire date: 17. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 27-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Overlege ved Avdeling for Rusmedisin (AFR)

Ønsker du å bli ein del av eit fagfelt i rivande utvikling, der du som legespesialist kan utvikle og må bruke din samla kompetanse innan både rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri og somatikk? Ønsker du å jobbe i eit stort og godt arbeidsmiljø for legar, der arbeidstider og vaktbelasting er familievennleg og lønnsvilkåra er gode? I så fall bør du søke på denne stillinga hos oss.

Vi er allereie eit stort og godt legemiljø, men vi ønsker og treng å bli fleire for å lukkast med store og spennande satsingar i åra som kjem. Derfor lyser vi nå ut stilling som overlege. Vi søker spesialistar i rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri eller allmennmedisin. Legar i spesialisering innan rus- og avhengigheitsmedisin kan også gjerne søke.

Avdeling for rusmedisin har etablert seg som ein stor og framoverlent nasjonal aktør innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Vi har eit variert og rikhaldig behandlingstilbod med to store generelle poliklinikkar, fire døgneiningar til langtidsbehandling, familieambulatorium, medikamentfritt terapeutisk samfunn, legemiddelassistert rehabilitering (LAR), heroinassistert behandling (HAB), eining for behandling under tvang, ambulant lavterskelbehandling for ungdom, akuttforløp med intoksbehandling, avrusing og stabilisering, for å nevne noko.

Vi har ikkje minst også eit sterkt og klinikknært forskingsmiljø kor vi bidrar med kunnskapsproduksjon på den internasjonale arena. Vi lukkast jamleg med å få eksterne forskingsmidlar til randomiserte kliniske studiar (RCT) og vi har gåande fleire PhD-løp for legar. Nyleg starta vi ein RCT på substitusjonsbehandling med amfetamin for behandling av pasientar i LAR med amfetaminavhengnad.

Fleire av behandlingseiningane våre treng styrking av ein engasjert og kompetent overlege. Det gjeld døgneiningar innan avrusing og lengre tids behandling, samt poliklinikkane og LAR. Behandlingseiningane ligg dels i sentrum, dels i ulike bydelar i Bergen kommune, og dels i tilgrensa kommunar, som Askøy og Øygarden.
I søknaden kan du gjerne nemne om det er nokre deler av desse fagområda som særleg appellerer til deg og om du har preferansar om arbeidssted. Om du ikke har anledning til å jobbe 100% er vi fortsatt interesserte. Vi kan då snakke meir om det i eit eventuelt intervju.

Er du i tvil? Søk likevel. Vi vil gjerne kome i dialog med deg!

Helsing legekollegiet i Avdeling for rusmedisin og avdelingsdirektør Christian Ohldieck, spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering, utgreiing og behandling av pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, somatisk- og psykiatrisk sjukdom
  • Samhandling og samarbeid med 1. og 2. linjetenesta
  • Deltaking i fagutvikling, rettleiing og undervisning

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som er spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin, psykiatri, allmennmedisin eller anna relevant spesialitet
  • Den som blir tilsett må dokumentere norsk offentleg godkjenning (Norsk autorisasjon)
  • Det er krav om dokumentert kunnskap i norsk språk tilsvarande Bergenstesten
  • Søkarar som har kort tid igjen til godkjenning av spesialiteten kan også vere aktuelle

Personlege eigenskapar

  • Vi søker medarbeidarar som ønsker å jobbe med pasientar med krevande og komplekse sjukdomstilstandar
  • Vi søker etter deg som har høgt fagleg nivå
  • Vi verdset gode samarbeidsevner på tvers av profesjon
  • Du er fagleg dyktig og har engasjement for vidareutvikling av fagområdet
  • Du er god til å rettleiie og lære opp mindre erfarne kollegaer i ein atmosfære med tryggleik, tillit og gjensidig respekt
  • Arbeidsmiljø er viktig hos oss. Det er derfor viktig at du er raus og respektfull i møte med kollegaer, pasientar og samarbeidspartnarar. Du evner å verdsette kollegaers kompetanse og erfaring, og kan engasjere deg i gode faglege refleksjonar
  • Du er opptatt av god og tillitsskapande pasientkommunikasjon

Vi tilbyr

  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Moglegheit for deltaking i avdelingas heimevaktordning
  • Lønn i samsvar med tariff samt eit fast individuelt tillegg
  • Tilrettelegging for relevant vidare- og etterutdanning
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Høgt fagleg nivå
  • Godt arbeidsmiljø
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Christian Ohldieck, Avdelingsdirektør, 47318419

Arbeidsstad

Østre Murallmenningen 7
5012 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4878051290
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Østre Murallmenningen 7 Postnr: 5012)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 4
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/73f3ff95-0dcd-4512-ab77-acff981505f4
IMPORTAPI