Stillingsbeskrivelse

Published 12-03-2025
Deadline: 31-03-2025

Overlege psykiatri

Vil du bli vår kollega?

Vi har no ledig stilling for overlege innan psykiatri. Som ein av våre overlegar i avdelinga blir du ein del av eit større behandlingsteam. For tida har avdelinga størst behov for spesialisttenester innan utgreiing og behandling og innan spesialisert habilitering, men i dialog med deg som søkjar kan vi vurdere ulike alternativ. Vi har eit godt samarbeid med primærhelsetenesta, og har mogelegheit for både poliklinisk og ambulant utgreiing/behandling.  

Avdelinga består av 5 seksjonar;

  • Akutt psykisk helsevern SNR
  • Sikkerhetspsykiatri SNR
  • Alderspsykiatri SNR (poliklinikk og døgn) 
  • Spesialisert habilitering SNR
  • Utgreiing og behandling psykisk helsevern SNR. Seksjonen gir eit høgspesialisert tilbod for pasientar med psykoseliding, alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar, samt samansette tilstandar somatikk/psykiatri og psykosomatiske tilstander.  

Vi har eit aktivt fagmiljø. Vi har legar i spesialisering (LIS1/LIS3) og 5. års medisinstudentar frå NTNU slik at utdanning, rettleiing og vidareformidling av kunnskap er ein del av arbeidskvardagen. Vi har over tid fått gode tilbakemeldingar på at vi har eit godt arbeidsmiljø og er ein hyggeleg stad å jobbe.   

Avdelinga vår har ansvar for 120 000 innbyggarar i Nordmøre og Romsdal, og er lokalisert i moderne lokaler i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) på Hjelset. Sjukehuset ligg omlag 20 km frå Molde sentrum og 40 km frå Kristiansund. Busstilbodet er godt utbygd for den som ønskjer å reise kollektivt. 

Vil du vere med på laget vårt? Send oss ein søknad!   

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostisk utgreiing og behandling
  • Individuell og tverrfagleg behandling
  • Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
  • Internt samarbeid og rettleiing
  • Eksternt samarbeid og undervisning/rettleiing
  • Samarbeid med miljøpersonal og andre behandlarar om miljøterapeutiske tiltak
  • Psykoedukasjon for pasientar og pårørande  
  • Deltaking i fagutvikling, forskning og andre tiltak for kompetanseheving  
  • Deltaking i bakvaktsordning for overlegar hvis ein ønsker det.  

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Overlege innan psykiatri
  • LIS som er i sluttfasen av si spesialisering innan psykiatri/rus kan også søkje på stillinga   
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg 
  • Erfaring frå undervisning- og opplæringsverksemd  
  • Kompetanse og erfaring frå ulike metodar innan rettleiing  

Personlege eigenskapar

  • Du har god språkleg framstillingsevne  
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner  
  • Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø  
  • Du er god til å planlegge og utføre arbeidsoppgåver både sjølvstendig og i nært samarbeid med dine kollegaer i seksjonen  

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit bredt og spanande fagfelt i utvikling 
  • Nybygg med gode kontorfasiliteter, behandlingsrom og utstyr  
  • Ein inkluderande arbeidsplass  
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar  
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår   

Kontaktinformasjon

Hilde Husby, Seksjonsleiar, +47 415 54 505, Hilde.Husby@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen 2
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 4914631608
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for sjukehuspsykiatri SNR, Helse Møre og Romsdal HF orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 

Webside http://www.helse-mr.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted HJELSET (Adresse: Opdølvegen 2 Postnr: 6450)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9c12f527-1134-49b4-838b-536c581b1862
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31