Stillingsbeskrivelse

Published 30-10-2024
Deadline: 15-11-2024

 

Overlege i medisinsk biokjemi

Vi søker etter ein godkjend spesialist i medisinsk biokjemi. Tilsetting etter nærare avtale.

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert i Laboratorieklinikken på Haukeland universitetssjukehus, og har omkring 350 tilsette. Avdelinga har ein omfattande rutineaktivitet som inkluderer alle fagområda i medisinsk biokjemi, med to legegrupper i medisinsk biokjemi: Seksjon for medisinsk biokjemi og Hormonlaboratoriet. Avdelinga har totalt 12 laboratorieseksjonar inkludert MBF-Voss. I tillegg er Nasjonalt kompetansesenter for porfyrisykdommer (NAPOS) knytt til avdelinga. Avdelinga bidreg dessutan med legespesialist tilknytt Norsk kvalitetsforbedring av laboratorieundersøkelser (NOKLUS), medisinskfagleg rådgjeving ved laboratoriet til Haraldsplass Diakonale Sykehus (HDS) og medisinskfagleg ansvar for analysar innan fagområdet medisinsk biokjemi ved Avdeling for kreftgenomikk (KG) og Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT) i Laboratorieklinikken

Overlegestillinga er knytt til legegruppa i Seksjon for medisinsk biokjemi, som i dag har sju overlegar, der fem er i hovudstilling i Helse Bergen, éin legespesialist og tre legar i spesialisering. Den som vert tilsett vil delta i den daglege drifta innan fagområdet generell medisinsk biokjemi. Stillinga kan også innebere noko reiseaktivitet i samband med tilsyn/rådgjeving til andre laboratorium eller NOKLUS.

Arbeidsoppgåver

  • Medisinsk fagleg ansvar tilknytt ein eller fleire analytiske seksjonar, ev. tilsyn/rådgjeving til andre laboratorium eller NOKLUS
  • Rettleie legar i spesialisering
  • Delta i avdelinga sine medisinske rutineoppgåver inkludert delta i dagvaktordning for legar
  • Vurdering og tolking av analyseresultat
  • Rådgjeving til rekvirentar
  • Overordna medisinsk fagleg bidrag ved metodeutvikling og metodevalidering
  • Etablering, verifisering og revidering av referanseområde
  • Delta i arbeidsgrupper og prosjektarbeid
  • Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetsarbeid
  • Bidra med undervisning av tilsette, studentar og ved kurs og anna etterutdanning
  • Det er også mogleg å delta i forskingsaktivitet innan avdelinga sine fagområde

Kvalifikasjonar

  • Må vere godkjend spesialist i medisinsk biokjemi
  • Ønskeleg med brei erfaring innan fagområdet medisinsk biokjemi
  • Norsk autorisasjon
  • Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Det blir lagt vekt på på personleg egnethet

Personlege eigenskapar

  • Ha god fagleg vurderingsevne
  • Arbeide strukturert og målretta aleine og i team
  • Ha god oversikt over eigne oppgåver, kunne prioritere og følge opp delegerte oppgåver 
  • Vere motivert for fagleg utvikling og nye arbeidsoppgåver
  • Sjølvstendig ta initiativ til forbetringsarbeid
  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og kunne etablere gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper og samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Gode moglegheiter for forsking innan våre satsingsområde
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristin Holstad, Einingsleiar, 55973238, kristin.holstad@helse-bergen.no
Hege Hoff Skavøy, Avdelingssjef, 55974397, hege.hoff.skavoy@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 49
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4846420130
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsbakken 49 Postnr: 5009)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/795da5d1-53df-4f98-927d-7e5ed25d321e
IMPORTAPI