Overlege – Helse Bergen

Health and social care Lege

(3 dager siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 2. juli 2024
  •  Expire date: 18. juli 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 02-07-2024
Deadline: 18-07-2024

 

Overlege

Det er ledig ein 50 % mellombels stilling for overlege i Seksjon for smertebehandling frå 1. september til 31. desember 2024.

Ynskjer du å få meir erfaring med tverrfagleg smertebehandling? Her er ein gylden moglegheit. 

Vi har eit spennande tverrfagleg miljø som har fokus på samhandling med primærhelsetenesta. Stillinga er oppretta i samband med «Ventelisteløftet» for å redusere ventetidene ved poliklinikken.

Arbeidsoppgåver vil bli knytta til poliklinikk for pasientar med langvarige smerte.  

Seksjon for smertebehandling er organisert som ein seksjon under Kirurgisk serviceklinikk (KSK ) og er ein av tre seksjonar i Smerte og palliasjonsavdelinga.  
Seksjonen er ei konsulenteining som vurderer pasientar, gir råd til spesialisthelsetenesta og bidreg til undervisning om smertebehandling og palliasjon.  

Vi har tilsette med brei tverrfagleg kompetanse: legar, psykologar, fysioterapeutar, sjukepleiar, jobbspesialist frå NAV og merkantile. Dei har lang erfaring i vurdering og behandling av pasientar med langvarige og/eller kompliserte smertetilstandar.

Arbeidsoppgåver

  • Polikliniske konsultasjonar
  • Delta i tverrfagleg vurdering av pasientar ved poliklinkk for langvarige smerter.
  • Rettleiing og konsulenttenester til helsepersonell i samband med pasienttilsyn, samarbeidsmøte og telefonmøte
  • Det vil bli gitt opplæring i seksjonens tverrfaglege tilnærming til vanskelege smertetilstandar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialistgodkjenning i anestesiologi, eventuelt nevrologi, fysikalsk medisin, allmennmedisin eller anna relevant medisinsk fagområde
  • Kompetanse og erfaring innan smertebehandling er ønskeleg
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og motivasjon for fagfeltet og for tverrfagleg samarbeid
  • Du har gode samarbeidsevnar og kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar/pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne
  • Du kan arbeide sjølvstendig 

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale 
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Tett samarbeid med andre seksjonar på KSK og med ulike avdelingar på sjukehuset
  • Arbeid på dagtid. Seksjonen har ikkje etablert vaktordning.
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Tone Høivik, Seksjonsoverlege, 55976857, tone.gulli.hoivik@helse-bergen.no
Marte Pauline Skagseth, Seksjonsleiar, +47 41263772, marte.pauline.skagseth@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4833720613
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 02.09.2024
Søknadsfrist: 18.07.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Lege
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5009)
Stillingstype Engasjement Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-09-2024
Søknadsfrist 18-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/49dc7f18-e34f-44d5-9c60-9d0cc16075f5
IMPORTAPI