Overingeniør – Universitetet i Bergen

Construction Andre ingeniorer

(3 dager siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 23. mars 2025
  •  Expire date: 7. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 23-03-2025
Deadline: 07-04-2025

Overingeniør

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

Overingeniør 

Ved Institutt for geovitskap (GEO) er det ledig ei fast stilling som overingeniør i 100% stilling knytt til den nasjonale infrastrukturen NORMAR-II, med hovudfokus på drift og datastyring. 

Om instituttet

Institutt for geovitskap (GEO) er vertsinstitutt for fleire store nasjonale infrastrukturar, blant annet NORMAR-II (Norwegian Marine Robotics Facility). Under NORMAR-II er undervassfarkosten ÆGIR 6000 som blir operert av fleire forskjellige forskingsinstitusjonar i heile landet. ÆGIR 6000 samlar inn geologiske, biologiske og miljødata frå havbotnen, noko som genererer store mengder data. Universitetet i Bergen er i gong med anskaffing av ein AUV (autonom undervassfarkost), noko som vil auke mengda data og behovet for handtering.

Om stillinga

Universitetet i Bergen har dei siste 25 åra, gjennom Senter for djuphavsforsking og i samarbeid med Sokkeldirektoratet, opparbeidd ei stor samling av prøvemateriale, kart og ROV-video. Overingeniøren må ha oversikt over desse dataene og bidra til å gjere desse tilgjengelege. Det er forventa at overingeniøren har forståing av geologiske prosessar i djuphavet, samt tekniske utfordringar relatert til djuphavsforsking. Overingeniøren må kunne bidra til utføring av vitskapleg arbeid og planlegging knytt til forsking gjennom NORMAR-II.

Arbeidsoppgåver:

  • Delansvar i drift av NORMAR-II.
  • Drifte og oppdatere databasen for den nasjonale infrastrukturen NORMAR-II. 
  • Handtere data samla inn frå ROV og AUV i form av video-, akustikk- og sensordata.
  • Delansvar for sensorar knytt opp mot ROV og AUV. 
  • Ivaretaking av forskingsdata og innsamla prøvemateriale på forskingstokt. 
  • Bidra med metodeutvikling og teknologiutvikling. 
  • Bidra i vitskapleg arbeid og oppfølging av studentar.

Universitetet i Bergen er ein organisasjon som i særleg grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadene, og må vere førebudd på å møte skiftande utfordringar. Den som vert tilsett, må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkar må ha mastergrad innan geovitskap, eller tilsvarande.
  • Erfaring med vitskaplege forskingstokt ved bruk av ROV er eit krav. 
  • Erfaring med handtering og analyse av video- og sensordata samla inn frå ROV er eit krav. 
  • Erfaring i ArcGIS og EIVA programvare er eit krav. 
  • Kompetanse i databaseadministrasjon og oppdatering, inkludert erfaring med SQL eller andre databaseverktøy er eit krav. 
  • Toktleiar-kompetanse er ein fordel. 
  • Stillinga krev at søkar har gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. 
  • Søkar må kunne tiltre i stillinga raskt, helst innan 1. juni 2025.

Personlege eigenskapar

  • Søkar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø. 
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i det statlege lønsregulativ, med årslønn kr 584 500 til 615 700. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Rolf Birger Pedersen, rolf.pedersen@uib.no , tlf. 913 30 278.

For HR-relaterte spørsmål kan du kontakte rådgjevar Mathilde Høgalmen, e-post: mathilde.hogalmen@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette. 

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Universitetet i Bergen orgnr: 983455255
Kort om arbeidsgiver

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Webside https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted BERGEN (Adresse: Allégaten 41 Postnr: 5007)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/dcedd5e6-685f-44b1-8a78-423fe47f4769
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/277863

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31