Opplæringsstilling: Matros i sambandet Magerholm-Sykkylven – Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS
Transport og lager Sjofart(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 10-11-2024
Deadline: 26-11-2024
Opplæringsstilling: Matros i sambandet Magerholm-Sykkylven
Bli med på verdas største grøne revolusjon i ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mestattraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
– Kunne du tenke deg å bli matros i Fjord1? Då tilbyr vi ein unik moglegheit! No har vi ei opplæringsstilling som vi ønskjer å tilby til en engasjert, hyggeleg og lærevillie persona som går med ein sterk draum om ei maritim karriere!
I denne stillinga har kandidatar utan kvalifikasjonar mogelegheit til å kome inn i eit opplæringsprogram på vegen mot å bli matros. Dette er ei fysisk krevande stilling, så du må like å vere i aktivitet. Varighet for arbeidsavtalen er fram til du har opparbeidd deg nok fartstid til å få utferda Ferdigheitssertifikat som matros (maks 20 månadar).
Fjord1 dekker utgiftene dine til helseerklæring for sjømenn, krise- og passasjerhandteringskurs, og grunnleggande sikkerheitskurs.
I denne stillinga jobbar du kun på dagtid, så du har mogelegheit til å bu heime. Det vil difor vere ein fordel å bu lokalt. Skiftordning: 2 veker på, og 2 veker av.
Ein flott jobb å kombinere med til dømes studier, fritid og familieliv.
Arbeidsoppgåver
- Førefallande arbeid om bord
- Billettering
- Kundehandsaming
- Andre oppgåver iht stillingsinnstruks
Kvalifikasjonar
- Gyldig helseerklæring
- Søker må ha fylt 18 år
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariffar for matros
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning
Kontaktinformasjon
Tonje Natvik, Bemanningskoordinator, +47 90855987, tonje.natvik@fjord1.no
Arbeidsstad
Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4884170739
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy. Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane. Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet. |
Webside | http://www.fjord1.no |
Bransje | Transport og lager |
Yrke | Sjøfart |
Sted | SYKKYLVEN (Adresse: Postnr: 6230) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-11-2024 |