Stillingsbeskrivelse

Published 18-03-2025
Deadline: 26-03-2025

Opplæring Legemiddel & Kurve

Seksjonen Legemiddel og Kurve forvaltar og vidareutviklar Meona, løysinga som nyttast for å dokumentere legemidlar og andre vitale data om pasienten. Seksjonen har ansvar for klinisk konfigurasjon, datafangst, opplæring og innføring i samarbeid med helseføretaka. Løysinga har omlag 16 000 brukarar i Helse Vest, og talet vil auke i takt med innføring av ny funksjonalitet.
Som del av team opplæring vil du arbeida tett med både prosjekt og føretak for å utvikle og gjennomføre opplæring som støttar opp under effektive og pasientsikre prosessar i sjukehusa på Vestlandet Arbeidsoppgåvene vil vere varierte, og alle i seksjonen bidreg på tvers for å løyse den samla oppgåvemengda til seksjonen.
Dei aller fleste i seksjonen er helsepersonell med lang fartstid frå spesialisthelsetenesta, med god erfaring frå prosjektarbeid og implementering av kliniske IKT-løysingar.

Arbeidsstad vil vere i Haugesund. Det må påreknast noko reiseverksemd innan Vestlandet.

Arbeidsoppgåver

Bidra i utvikling av opplæringsmateriell og brukarrettleingar innan området elektronisk pasientjournal
Bidra til opplæring av brukarar for å sikre gode og effektive arbeidsprosessar i sjukehusa
Utvikle, revidere og kvalitetssikre felles rutinar og prosedyrar innan området elektronisk pasientjournal
Bidra i testing av både nye og etablerte løysinger
Sakshandsaming og utvikling av god dokumentasjon
Bidra til løysing av dei samla oppgåvene til seksjonen

Kvalifikasjonar

Relevant universitets-/høgskuleutdanning innan helsefag, gjerne med fordjuping innan IKT
Erfaring med bruk av Meona journalsystem
Erfaring og interesse for å undervise og/eller rettleie andre i bruk av IKT-løysinger
Kjennskap til elektronisk kurve og helsesektoren
Erfaring med forvaltning av IKT-system og elles god systemforståing tel positivt
Arbeidsspråket er norsk, men du må også meistra engelsk

Personlege eigenskapar

Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Evne til å arbeida sjølvstendig og ta ansvar.
Evne til å jobba i tverrfaglege team.
Strukturert, systematisk og med fokus på kvalitet.
Vilje og evne til omstilling og endring.
Ønske om å utvikla ei løysing til brukarane sitt beste.

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:

  • Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
  • Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Jon Terje Hauger, Seksjonsleiar, +47 93499956

Arbeidsstad

Øvregata 126
5527 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 4940176707
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.03.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Legemiddel og kurve, Helse Vest IKT orgnr:
Kort om arbeidsgiver Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Salg, butikk- og varehandel
Sted HAUGESUND (Adresse: Øvregata 126 Postnr: 5527)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f2821d42-c246-42e8-b257-5aa441aafb2e
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31