Operatør Malar – Ulstein Verft AS

Industri og produksjon Fysikk kjemi og metallurgi

(1 dag siden)

  • ULSTEINVIK
  •  Lagt til dato: 20. oktober 2024
  •  Expire date: 30. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 20-10-2024
Deadline: 30-11-2024

 

Operatør Malar

Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team? 
Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontrakter på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire operatørar i teamet vårt. Arbeidsdagen er prega av spennande og utfordrande oppgåver som skal løysast, og du vil jobbe i lag med mange dyktige kollegaer. 

Intervju vert gjennomført fortløpande.

Oppgåver du vil jobbe med

Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blandt anna innebere:

  • Forbehandling og maling av innvendige og utvendige område, nybygg
  • Bistå med vask, forbehandling og maling av utvendige skip, ettermarknadsoppdrag
  • Arbeid i sandblåse- og malehall ved behov

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg med relevant fagbrev og erfaring innan malarfaget. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene i fellesskap.

Lagånda står sterkt i Ulstein og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn.

    Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

    Ulstein Verft byr på variert jobb, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar samt fleksitidsavtale for våre tilsette. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak foregår innandørs i vår utrustnings- og dokkhall. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, påliteligheit og leveringspresisjon. 

    I hjartet av Sunnmøre

    Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunene rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane

    Kontaktinformasjon

    Roy Nerland, Supervisor, Painting, 94810268
    Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +47 91581013

    Arbeidsstad

    Osnesvegen 110
    6065 Ulsteinvik

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

    Referansenr.: 4874150953
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 30.11.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Ulstein Verft AS orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har over 500 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.

    Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.

    Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.

    Webside http://www.ulstein.com
    Bransje Industri og produksjon
    Yrke Fysikk, kjemi og metallurgi
    Sted ULSTEINVIK (Adresse: Osnesvegen 110 Postnr: 6065)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Privat
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 30-11-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6fd45a3c-5418-42e5-b2f8-3c9b4b06a5d2
    IMPORTAPI