Stillingsbeskrivelse

Published 24-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Ønsker du å bli med i nytt sjukehus som sjukepleiar i ei spennande stilling?

Medisinsk sengepost 1 ønskjer å komme i kontakt med deg som har eit fagleg engasjement og ønskje om å bidra til god kvalitet i tenestene våre.

Vi har ledig 100% vikariat t.o.m. 31.10.2025 og t.o.m. 31.11.2025. Det er moglegheit for forlenging på begge vikariat. Vi søkjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar som ønsker å være med oss. 

Du vil oppleve gode, mindre gode, tunge, fine, triste, morsomme, spennande, aktive, lærerike, frustrerande og innhaldsrike dagar. Vi kan og love at du vil oppleve å være omringa av eit mangfald av kollegaer. Du vil alltid ha nokon å spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar

Medisinsk sengepost har nyleg flytta inn i nytt og moderne sjukehus der vi har nyre og endokrinologi, mage/tarm, lunge, lungekreft & utgreiing og hjartesjukdommar som spesialiserte fagfelt

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager. Arbeidet er pasientrelatert med oppfølging av behandling, stell og pleie. Det er 3-delt turnus og ein må kunne jobbe i det. 

Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. I det tverrfaglege arbeidet samarbeider ein til dømes med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og apotekpersonell. Dokumentasjon i DIPS og Meona er ein del av det daglege arbeidet.

Kvalifikasjonar

Søkjar må vere autorisert sjukepleiar. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid frå tidlegare, men ikkje påkrevd. Du må kunne handtere bruk av PC med tilhøyrande program. Det vert gitt opplæring i sjølve programma vi brukar. Søkjar må mestre godt Norsk både skriftleg og muntleg. 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.

Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.

Vi tilbyr

Medisinsk sengepost tilbyr god opplæring gjennom faddeordning med trygge rammer. Vi jobbar aktivt med organisasjonsutvikling på våre tenester og ønskjer gode og glade medarbeidarar med oss på laget for å skape eit nytt og betre sjukehus for våre pasientar og tilsette. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt som julebord, sommarfest og blå-tur.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Magnus Jarl Midtvoll, Seksjonsleiar, +47 407 29 970

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4876907073
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.10.2025
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Medisinsk sengepost 1, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/69d76e20-f825-4ca0-8871-ed75b7c76ed9
IMPORTAPI