Økonomirådgjevar – Pasientreiser, Helse Førde

Kontor og økonomi Bank finans forsikring

(1 dag siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 3. desember 2024
  •  Expire date: 8. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 03-12-2024
Deadline: 08-01-2025

 

Økonomirådgjevar

Pasientreiser har ledig 100% fast stilling som økonomirådgjevar. 

Administrering av pasientreiser i Norge er organisert gjennom 17 pasientreisekontor og eit nasjonalt selskap, Pasientreiser HF.

Avdeling for pasientreiser i Helse Førde har ansvar for planlegging og bestilling av reiser med rekvisisjon. Avdelinga gir informasjon og rettleiing i planlegging av reise til og frå behandling. Avdelinga deltek i anbodsprosessar og oppfølging av samarbeidspartnarar. Pasientreiser i Helse Førde har i dag 11 tilsette. 

For meir informasjon om Helse Førde/Pasientreiser, kan du gå inn på denne lenkja.

Arbeidsoppgåver

  • Ta del i den daglege drifta ved avdelinga
  • Utarbeide statistikk og rapportar for avdelinga saman med driftskoordinator
  • Sikre effektive og gode rutiner rundt økonomi og bistå i budsjettarbeid
  • Delta i anbodsarbeid saman med driftskoordinator
  • Vere ein ressurs i prosjektoppgåver i avdelinga
  • Førebu presentasjonar og annan dokumentasjon innan faget
  • Gje informasjon og opplæring innanfor fagområde
  • Halde seg fagleg oppdatert og orientere leiinga om forhold som har noko å seie for drifta

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med bachelor i økonomi, årstudium kan bli vurdert
  • Praktisk erfaring kan kompensere for manglande utdanning 
  • God kjennskap til og interesse for økonomi, statistikk og rapportar
  • Fordel med gode eigenskapar innan Microsoft 365, særleg Excel
  • God generell IT-kunnskap
  • Fordel med kunnskap innan logistikk og koordinering
  • Fordel med god lokalkunnskap i Helse Førde sitt dekningsområde
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Analytisk, nøyaktig og løysingsorientert
  • Opptatt av å levere høg standard og kvalitet
  • Høg grad av sjølvstende og god evne til å handtere vanskelege val
  • Må vere fleksibel og ha evne til å jobbe effektivt i eit hektisk miljø
  • Samarbeider godt med andre, dele kunnskap og erfaring
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Trude Njøsen Helgås, Avdelingssjef, 971 01 110
Sissel Aarseth Rye, Saksbehandlar, 950 33 616

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 4892528424
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Pasientreiser, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Bank finans forsikring
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/50a6cbfa-6d80-4aa6-b3e3-49442b9f1fe5
IMPORTAPI