Off. godkjent sjukepleiar – Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Health and social care Sykepleier(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 10-11-2024
Deadline: 28-11-2024
Off. godkjent sjukepleiar
Ørsta kommune er godt igong med å planlegge framtidas omsorgsbehov dei komande åra og jobbar etter heilskapleg innsatstrapp. Vi er stolte av å vere ei heiltidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året.
Vi håpar at du har lyst til å bidra saman med oss og resten av laget vårt. For å lukkast i vår kultur, er det viktig at du er pådrivar for heilskapleg innsatstrapp, årsplanlegging/årsturnus, oppgåvedeling, kvalitetsstandard m.m.
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Ørsta kommune har fleire ledige stillingar i tenesteområde Omsorg og sjukeheim. Vi søkjer etter fagleg engasjerte og ansvarsfulle medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag, men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg av høg kvalitet. Vi søkjer etter inspirerte medarbeidarar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling i avdelinga. Som ein del av stillinga vil det vere forventa at du kan jobbe langvakter på helg, samt fleire helgetimar etter behov. Dette er ei god moglegheit for dei som ønskjer ei meir fleksibel arbeidstid.
Vi vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs. Vi ser verkeleg fram til å få akkurat deg med på laget! Saman kan vi skape ein fantastisk arbeidsplass. Velkomen til oss!
Ørstaheimen er lokalisert i Ørsta sentrum og har 1 ledig stilling ved kvar av desse avdelingane:
Bakketun er ei skjerma avdeling for demente med 16 plassar, fordelt på to grupper. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Solkroken er ei somatisk langtidsavdeling med 20 pasientrom som er delt på to grupper, med 22 pasientar tilsaman.
Vallastova er ei somatisk langtidsavdeling med 24 plassar. Avdelinga skal sikre eit tilbod om heildøgns pleie og omsorg når denne hjelpa ikkje kan bli gitt i eigen heim
Ved Hjørundfjordheimen er det ledig 2 stillingar:
Hjørundfjordheimen er lokalisert ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjordheimen har to avdelingar, der sjukeheimsavdelinga har 16 plassar og bukollektivet har 14 plassar. Ved eininga er der også integrert heimeteneste for heimebuande i Hjørundfjorden. I stillingane er det ønskeleg med førarkort klasse B.
Skriv i søknaden kva stilling du ynskjer å søkje på.
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Søkjar må vere off. godkjent sjukepleiar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Relevant arbeidserfaring
- Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
- Du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
- Tek initiativ og ansvar
- Du er engasjert, løysingsorientert
- Søkjer faglege utfordringar
- Du er fleksibel med tanke på helgearbeid og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Gode evner til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Kompetanseutvikling gjennom e-læring, internundervisning og kurs
- Gode pensjons– og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helga
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka timeantal på helg
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 – stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 – Sjukepleiar
Rekrutteringstilskot med bindingstid til nytilsette
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Arja Hietanen, Avd.leiar Bakketun, 481 23 801, arja.hietanen@orsta.kommune.no
Ingrid Mork, Avd.leiar Solkroken, 479 06 593, ingrid.mork@orsta.kommune.no
Lisa Mari Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 481 32 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no
Nina Måseidvåg, Avd.leiar, 476 00 236, nina.maseidvag@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 6
6153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4881430327
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap |
Webside | https://www.orsta.kommune.no/arbeid/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | ØRSTA (Adresse: Dalevegen 6 Postnr: 6153) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 5 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 28-11-2024 |