Off. godkjent helsefagarbeidar – Vikarstilling Heimetenester, Bakk-Ola-marka

Health and social care Helsefagarbeider

(3 dager siden)

  • ØRSTA
  •  Lagt til dato: 19. november 2024
  •  Expire date: 7. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 19-11-2024
Deadline: 07-12-2024

 

Off. godkjent helsefagarbeidar

Vil du bli vår nye kollega?

Vi har ledig 85 % vikarstilling for helsefagarbeidar i perioden 17.12.24 – 01.11.25

Vi søkjer deg som vil ha faglege utfordringar. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag. Tenesta jobbar målretta med fokus på individuell pleie og omsorg. I heimetenesten på Bakk-Ola-marka møter du mange ulike brukarar der vi ha fokus på å støtte opp under brukar sine eigne funksjonar. 

Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Med oss kan du jobbe langvakter både på helg og i vekene. Det vil gi deg ei fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegaer på vakt. Vi er ei teneste som omstiller oss for å sikre gode helsetenester i framtida, og jobbar fleire timar på helg, etter behov i tenesta.

Vi søkjer etter ein medarbeidar som har engasjement, godt humør og vil bidra til vårt fellesskap. Du vil få dyktige kollegaer på laget som jobbar saman i team. . 

Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
  • Fokus på forebygging og støtte opp under  brukar sine eigne ressursar
  • Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift   
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar
  • Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Off. godkjent helsefagarbeidar
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar. 
  • God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing 

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, løysingsorientert og har godt humør
  • Du er utviklingsorientert og motivert for omstilling
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig 
  • Du trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
  • Du bidrege aktivt til eit godt arbeidsmiljø

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.  Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar. 

Stillinga er plassert i hta kap 4 gr.1. 2 fagarbeidarstilling
Stillingskode 7076 helsefagarbeidar

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk 

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2

Om offentleglova 
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Agnes Kubon-Rzeszutek, Avd.leiar heimetenester Bakk-Ola-marka, 902 19 443, agnes.kubon-rzeszutek@orsta.kommune.no
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 48010415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Anders Hovden-gata 27
6150 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune

Referansenr.: 4885793408
Stillingsprosent: 85%
Vikar
Startdato: 17.12.2024
Sluttdato: 01.11.2025
Søknadsfrist: 04.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vikarstilling Heimetenester, Bakk-Ola-marka orgnr:
Kort om arbeidsgiver


Ørsta
kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.


Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

Webside https://www.orsta.kommune.no/arbeid/
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted ØRSTA (Adresse: Anders Hovden-gata 27 Postnr: 6150)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 17-12-2024
Søknadsfrist 07-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e3bbaa01-6c94-4821-98bc-c813ea8350a1
IMPORTAPI