Nyetablert fast legestilling for ALIS, kommunalt tilsett eller privatpraktiserande – Vågå Kommune
Health and social care Lege(6 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 19-12-2024
Deadline: 02-02-2025
Nyetablert fast legestilling for ALIS, kommunalt tilsett eller privatpraktiserande
Ledig 100% fastlegeheimel i Vågå Kommune frå april 2025
Er du ein ALIS og er interessert i å jobbe som allmennlege, er dette kanskje stillinga for nettopp deg. Vågå kommune etablerar ein ny fast legestilling for ALIS, kommunal tilsett eller privatpraktiserande.
Heimelen er etablert frå cirka 1. april 2025. Fastlegeheimelen har eit listetak på 700 pasientar, med moglegheit for endring
Vi søkjer ein kollega med gode kliniske ferdigheiter, fagleg engasjement og interesse for allmennmedisin
Kommunen er registrert utdanningsinstitusjon og vil tilrettelegge for legar i spesialisering i allmennmedisin.
Vågå legekontor og interkommunalt legevaktsamarbeid:
Legekontoret har i tillegg til den nye heimelen 3 erfarne allmennlegar i eit veldrive helsesenter, alle spesialister i allmennmedisin, 1 ALIS og 1 LIS 1. Legekontoret er bemanna med 4 100% stilling hjelpepersonell. Det er stabile, erfarne medarbeidarar. Sjukepleiar, bioingeniør og helsesekretærar.
Vi nyttar infodoc som journalsystem og Convene betalingsterminal.
Legesenteret ligg i moderne og velutstyrte lokalar, midt i Vågåmo sentrum, med laboratorium, 2 skiftestuer og akuttrom med nødvendig utstyr og medisinar og eigen tilkomst for ambulanse. Det utførast spirometri, 24 timers BT-måling og EKG, i tillegg har vi ultralyd med noko kompetanse. Legekontoret er samlokalisert med skule- og helsestasjonstenesta, jordmor, kommunal psykisk helseteneste og fylkestannlege.
Legekontoret ligg tett inntil sjukeheimen, heimesjukepleia, bufellesskap, fysioterapi og andre samarbeidspartnare
Vi har interkommunalt legevaktsamarbeid saman med 5 andre kommunar. Legevakta er stasjonert på Lokalmedisinsk senter for Nord Gudbrandsdal på Otta i Sel kommune. I vaktdistriktet server du ca. 18 260 personar.
Det er kommunen som eig heimelen.
Arbeidsoppgåver:
-
Fastlegeoppgåver
-
Kommunale oppgåver
-
Legevakt
-
Kollegial fråværsdekning ved ferie, kurs o.a. fråvær
Kvalifikasjonar:
-
Norsk autorisasjon som lege
-
Fullført LIS1
-
Erfaring frå allmennmedisin
-
Gode faglege kvalifikasjonar
-
ALIS eller spesialist i allmennmedisin
-
Førarkort kl B
-
Politiattest ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar:
-
Gode kommunikasjonseigenskapar på norsk, munnleg og skriftleg
-
Evne til å arbeide ryddig og strukturert
-
Serviceinnstilt
-
Fleksibel og løysingsorientert
-
Bidra til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement, inkludering og fagleg utvikling
-
Gode evner til tverrfagleg samarbeid
-
Personleg eignaheit vektleggast
Vi tilbyr:
-
Legevaktbil
-
Tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
-
Behjelpeleg til å skaffe bustad
-
Moglegheit for å utvikle eit allereie etablert legesenter
-
Variert, travel, spennande arbeidskvardag
Søknadene vil bli vurdert fortløpande.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Spørsmål om stillinga kan rettast til tenesteleiar Liv Olasveen, e-post liv.olasveen@vaga.kommune.no eller på telefon 47627394/99 02 82 91
Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 02.02.25
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vågå Kommune orgnr: 976641302 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har 3570 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Er du glad i friluftsliv kan du i Vågå kommune kombinere jobben som fastlege med eit kvardagsliv nærme naturen med skog, fjell og gode fiske- og jaktmoglegheiter som gjev spennande naturopplevingar. Vågå har i tillegg fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter. Vågå har moderne kulturhus, kino og galleri. |
Webside | https://www.vaga.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Lege |
Sted | (Adresse: Postnr: ) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 02-02-2025 |