Nestleiar vikariat – Vinmonopolet

Kontor og økonomi Ledelse administrasjon og radgivning

(15 timer siden)

  • STAVANGER
  •  Lagt til dato: 21. oktober 2024
  •  Expire date: 10. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 21-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Nestleiar vikariat

Nestleiar vikariat

Vi har et ledig vikariat for ein som vil være med å ta ansvar for leiinga av vår butikk. Tenesta er for tida i Stavanger Herbarium. Vikariatets varighet er fra 01.01.2025 til og med 31.12.2025. Vi leitar etter ein dyktig person som har leiarerfaring, aller helst frå butikk. Det er viktig at du kan motivere og få det beste ut av medarbeidarane i butikken i ein travel kvardag. I tillegg legg vi vekt på gode samarbeidsevner, og at du er sjølvstendig og har god vurderingsevne.

Det er ein fordel om du har økonomisk utdanning ut over treårig vidaregåande skule.

Dine hovudoppgåver vil være:

  • Bistå butikksjefen slik at butikken oppnår fastsette måltal.
  • Kompetanse- og ferdigheitsutvikling som omfattar obligatorisk opplæring og deltaking på vareprøvingar slik at Vinmonopolet står fram som landets leiande faghandelskjede.
  • Kvalitetsutvikling i butikken gjennom å rette seg etter bedrifta sine retningslinjer innanfor HMS og Inkluderande arbeidsliv.
  • Administrative funksjonar som omfattar gjennomføring av dei til einkvar tid gjeldande retningslinjer for drift av Vinmonopolet sine butikkar. Utføre administrative funksjoner som vert pålagt av butikksjef.
  • Nestleiar har ansvaret for drifta dersom butikksjefen er fråverande.

Vi tilbyr

I Vinmonopolet vil du få høve til å gjøre ein viktig jobb i samarbeid med serviceinnstilte og kompetente kollegaer i ei av dei best likte verksemdene i Noreg. Hos oss får du høve til god varefagleg utvikling i svært godt arbeidsmiljø. Du vil også få tilgang til gode pensjons- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse.

I vår organisasjon er det eit mål å oppnå en balansert samansetning i høve til alder, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering og kulturell bakgrunn.

Les meir om personvern i Vinmonopolet her: https://www.vinmonopolet.no/personvern

Kontakt butikksjef Inger Helen Byberg på telefon 948 33 080 om du vil høyre meir om stillinga.

Send søknad elektronisk via lenkja på denne sida.
Søknadsfrist: 10.11.24

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Du må vere over 20 år for å jobbe hos oss, men elles ønskjer vi oss medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og livserfaring og ulike perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysingar.

Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.

Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern 

Treng du hjelp til å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet, kan du kontakte Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20. Vitnemål og attestar tek du med dersom du bli kalla inn til intervju.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vinmonopolet orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol. Vi er den største vinbutikken i verda, med vel 35 000 produkt, og har einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl. Med på laget har vi over 2 000 stolte, engasjerte og dyktige medarbeidarar, fordelte på nærmare 350 butikkar, kundesenter, netthandel og administrasjon. Vi er på jakt etter deg som vil vere med å ta vare på det gode omdømmet vårt og bidra til at vi held fram med å vere ein faghandel i verdsklasse.Dette gjer vi gjennom kundemøte prega av fagkunnskap, god service og ansvarskjensle. I tillegg vil du vere ei viktig brikke i arbeidet med å gjere Vinmonopolet til ei føregangsverksemd på berekraft. Vi skal vere rå på fag, stolte kvar dag og best saman som lag.

 

Webside https://www.vinmonopolet.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted STAVANGER (Adresse: Lars Hertevigs gate 6 Postnr: 4005)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6ad90a40-ee0c-4a69-9319-fe660a3326f1
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/269716