Nattevaktstilling for sjukepleiar, område Stryn – Stryn Kommune
Health and social care Sykepleier(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 28-11-2024
Deadline: 18-12-2024
Nattevaktstilling for sjukepleiar, område Stryn
Likar du å arbeide med menneske som har behov for omsorg, grunnleggande sjukepleie og rehabilitering? Vi treng ein ny kollega.
Det er ledig nattevaktstilling i 100% for sjukepleiar i Eining for pleie- og omsorg, område Stryn. Stillinga er for tida knytt til Stryn omsorgssenter avd. Fiolen som består av to institusjonsavdelingar med 31 plassar og to avdelingar med heildøgsbemanna omsorgsbustadar med 40 plassar. Vi har også eiga kjøkkenavdeling, heimesjukepleie og heimehjelp.
Ved Stryn omsorgssenteret vil du jobbe saman med eit dyktig, tverrfaglig team og med varierte arbeidsoppgåver. Som tilsett på omsorgssenter vil du få mange spennande oppgåver og moglegheit til å kunne utvikle deg fagleg.
Arbeidsoppgåver
- Pleie, omsorg og rehabilitering
- Kartlegging, vurdering og planlegging
- Rettleiing
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som offentleg godkjent sjukepleiar
- God kunnskap i norsk, munnleg og skriftleg
- Førarkort for bil
Personlege eigenskapar
- Evne til å vise omsorg, empati og respekt
- Arbeide sjølvstendig
- Personlag eignaheit vil bli vurdert
Vi tilbyr
- Variert, meiningsfylt og utfordrande arbeid
- Positivt miljø
- Tenester i utvikling
- God arbeidstidsordning
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Reidun Aven, Avdelingsleiar område Stryn, 95801398
Arbeidsstad
Myrane 18
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 4890563035
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stryn Kommune orgnr: 874600342 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane. Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn |
Webside | http://stryn.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | STRYN (Adresse: Myrane 18 Postnr: 6783) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 18-12-2024 |