Nattevakt – Stavanger ungdomssenter – avd. Lindøy, Bufetat

Security and readiness Vakt sikrings og kontrollarbeid

(16 timer siden)

  • STAVANGER
  •  Lagt til dato: 24. november 2024
  •  Expire date: 9. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 24-11-2024
Deadline: 09-12-2024

 

Nattevakt

Ved Stavanger ungdomssenter, avd. Lindøy, søker vi etter engasjerte miljøterapeut på natt. 

Vi har for tida ledig eit vikariat i nattevaktstilling i 70,3 %. I turnus jobbar ein kvar 4. helg. Stillingen er ledig fra d.d.- 31.08.25.

Målgruppa vår er omsorgsplasseringar etter barnevernslova  §§ 5-1, 3-2. Ungdommane er i alder frå 13 – 18 år.

Det er ønskeleg at du som går natt i tillegg kan ta nokre ekstravakter.

Vi har ei personalgruppe som er spredt i alder og kjønn, og samansett med omsyn til fagleg kompetanse og bakgrunn. For meir informasjon om avdelinga, gå til vår heimeside: https://www.bufdir.no/barnevern/finn-institusjon/stavanger-ungdomssenter-lindoy/

Stavanger ungdomssenter femnar om avdelingane Lindøy og Våland. Begge avdelingane har 4 plassar.

Arbeidsoppgaver

  • Målstyrt miljøterapi med fokus på traumesensitiv tilnærming.
  • Ivaretaking av ungdomane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
  • Reinhald og matlaging.
  • Delta på ulike interne møter som overlapping mellom vaktlaga, personalmøter og ungdomsmøter.
  • Skriftleg dokumentasjonsarbeid og rapportskriving i Birk.
  • Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, helseinstansar m.fl.
  • Brannrundar og tilsyn til ungdommane på natt.

Kvalifikasjoner

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan også vurderast.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • God kjennskap i bruk av IT-verktøy.
  • Sertifikat kl. B

Det er ønskeleg med erfaring og kjennskap frå:

  • Miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon.
  • Kjennskap til barns rettigheiter i institusjon, jfr. barnevernslova. 
  • Traumebevisst omsorg.
  • Kartleggingsverktøy som Aseba og Motiverande intervju.
  • Tryggleik og sikkerheit.

Personlige egenskaper

  • Har gode evner til å byggja relasjonar.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar.
  • Er løysningsfokusert, fleksibel og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte.
  • Er trygg, tydeleg og tillitsvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov.
  • Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
  • Har tru på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar er ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
  • Har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar.
  • Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
  • Har god fysisk og psykisk helse.
  • Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 – 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 – 624 500 pr. år (ltr. 53-64), 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 – 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
  • Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.

Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.

Informasjon til deg som søker:

  • Inkludering og mangfold er en styrke og gjør at vi kan løse oppgavene våre enda bedre. Derfor ønsker vi oss medarbeidere med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaringer og perspektiver. Har du funksjonsnedsettelse, hull i CV-en eller innvandrerbakgrunn, oppfordrer vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkere, kaller vi inn minst én i hver gruppe til intervju, og får du jobben, legger vi til rette for deg om du trenger det. Utenom å velge ut riktige kandidater bruker vi ikke avkrysningene til noe annet enn anonymisert statistikk.
  • Stillingen er for tiden lagt til Stavanger ungdomssenter – avd. Lindøy. 
  • Politiattest må fremlegges ved ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikke legges med søknaden.
  • Du kan be om å ikke bli oppført på den offentlige søkerlisten. Dette må i så fall begrunnes. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikke tas til følge.

Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.

Vitnemål og attester med bekreftet stillingsstørrelse og varighet skal lastes opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt tas med ved et eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Jeanine Svendsen, Avdelingsleiar, 92 22 29 67, jeanine.svendsen@bufetat.no

Arbeidssted

Lindøy 1
4013 Stavanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4888849326
Stillingsprosent: 70,3%
Vikar
Søknadsfrist: 09.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stavanger ungdomssenter – avd. Lindøy, Bufetat orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Webside http://bufdir.no/
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid
Sted STAVANGER (Adresse: Lindøy 1 Postnr: 4013)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/533cc9f0-9fda-43c1-b77b-a7f0205aff08
IMPORTAPI