Nattavdelingssjukepleiar – Sivdamheimen rehab, Time kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(20 timer siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 07-11-2024
Deadline: 24-11-2024
Nattavdelingssjukepleiar
Ønsker du ein jobb som gjev deg faglege utfordringar og ein variert arbeidskvardag?
Me har ledig to faste stillingar som nattavdelingssjukepleiar ved Sivdamheimen sjukeheim.
Stilling 1: 56% ved korttid – og rehabiliteringsavdelinga
Stilling 2: 78% ved demensavdelinga
Korttid- og rehabiliteringsavdelinga er ei avdeling med spennande og varierte arbeidsoppgåver. Avdelinga tek i mot pasientar frå både spesialisthelsetenesta og frå heimen, med ulike behov for pleie, omsorg og rehabilitering. Det er og knytt ei lindrande eining til avdelinga. Det er høg grad av tverrfagleg kompetanse, for eksempel lege, fysio- og ergoterapeuter. Det er høg sjukepleiardekning og dyktige fagarbeidarar i teamet.
Korttid- og rehabiliteringsavdelinga er ein del av verksemda Heimetenester og rehabilitering. Det er tett samarbeid og arbeid på tvers av avdelingane i oppfølginga av den enkelte pasient.
Arbeidsstaden ligg sentralt på Bryne og det er kort veg til kollektivtransport. Me har også gode moglegheiter for parkering.
Under i linken kan du se filmen fra vår virksomhet:
https://play.mediaflowpro.com/ovp/16/15GE737L02
Sivdamheimen 1. etg., demensavdelinga har tre fløyer fordelt med sju pasientar på kvar fløy. Me jobbar aktivt for å kunne gje pasientane våre ein tilrettelagt kvardag med best mogleg livskvalitet. Du får arbeida i eit tverrfagleg miljø med fokus på nytenkning, kvalitet og brukermedverknad. Me har også ein god dose med både humor og galskap! Institusjon i Time kommune har ein eigen fagutviklar som har fokus på kompetanse, pasientsikkerheit og kvalitet i tillegg til at me har eit tett samarbeid med demenskoordinator i kommunen. I 2026 vil det bli oppstart med årsturnus i avdelinga og du vil her kunne vera med å påvirke din eigen turnus.
Spesifiser i søknadsteksten kvifor ein stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver
Fagleg ansvarleg på natt.
Sjukepleiefaglege oppgåver til pasientane på avdelinga.
Samarbeid og oppfølging av pårørande.
Samarbeid med anna personal på Sivdamheimen.
Dokumentasjon etter gjeldande lovverk.
Kvalifikasjonar
Stilling 1: 56% for offentleg godkjent sjukepleiar.
Det er ønskeleg at du har relevant videreutdanning, for eksempel innan gerontologi, kreft/palliasjon, akuttmedisinsk sjukepleie eller kronisk alvorleg sjuke-/primærhelsetenesta.
Det er ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid.
Stlling 2: 78% for offentleg godkjent sjukepleiar eller vernepleiar. Det er ønskeleg med erfaring frå liknande arbeid.
For begge stillingane må søkar beherska norsk skriftleg og munnleg. For søkarar med anna morsmål en norsk må språknivå på minimum B2 dokumenterast.
Søkar må kunna nytta IKT-verktøy.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Du må vera trygg i faget og kunna arbeida sjølvstendig
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Du må vera villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
- Velferdsordningar som kunstforeining
Velferdsordningar som kunstforeining og bedriftslag i form av orienterings – ,svømme- og sykkelgruppe.
Kontaktinformasjon
Anlaug Øie, Avdelingsleiar, 47628866
Arbeidsstad
Røyrvika 12
4340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 4880996526
Stillingsprosent: 56, 78%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 24.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sivdamheimen rehab, Time kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
«Me skal gjera kvarandre gode» er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar. Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering. |
Webside | http://www.time.kommune.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | BRYNE (Adresse: Røyrvika 12 Postnr: 4340) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 24-11-2024 |