Musikk-/kulturskulelærar – Masfjorden kommune
(5 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 26-03-2025
Deadline: 21-04-2025
Musikk-/kulturskulelærar
Om stillinga
Masfjorden kulturskule har ledig fast stilling som musikk-/kulturskulelærar frå og med skuleåret 2025/2026.
Ledig stilling
19,15% stilling som songlærar – Fast stilling
Undervisningsstad Sandnes skule
Arbeidsoppgåver:
- Undervisning av einskildelevar og grupper
- Samarbeid med andre elevar, lærarar og kulturskuledisiplinar, og lokalt lagsliv
- Tilrettelegging og utarbeiding av årsplan
- Møteverksemd og samarbeid med kulturskuleadministrasjonen, etter storleik på stillinga
Kvalifikasjonskrav
Ønskjeleg med relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning.
Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervisa born og unge vert vektlagt. Me har norsk som undervisningsspråk og er ein nynorskkommune.
Godkjend politiattest i samsvar med Opplæringslova må leverast før oppstart.
Me tilbyr
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Ein interessant og utfordrande stilling
- Samarbeid i kollegium, som gjev deg høve til utvikling
. Video: https://youtu.be/_nnKbz57cgo?si=4f61y1db2mdKdopD
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Masfjorden kommune orgnr: 983644872 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Masfjorden kulturskule er ein svært viktig del av kulturlivet i kommunen, og har eit personale med høg kunstfagleg kompetanse. Kulturskulen har om lag 130 elevplassar og yter i tillegg tenester til lokale kor og korps. Kulturskulen tilbyr undervisning innan kunstformene musikk, visuell kunst, teater og musikkteknologi/studio Undervisninga er desentralisert og lagt til dei tre grunnskulane i kommunen; Matre, Nordbygda og Sandnes. Kulturskuleundervisninga finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag. |
Webside | https://www.masfjorden.kommune.no/ |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Journalistikk, kommunikasjon og litteratur |
Sted | MASFJORDNES (Adresse: Austfjordvegen 2724 Postnr: 5981) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 21-04-2025 |