Mobilkranførar G1 – Sunnmøre Kranservice

Construction Maskin og kranforer

(2 dager siden)

  • ULSTEINVIK
  •  Lagt til dato: 1. juli 2024
  •  Expire date: 3. juli 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 01-07-2024
Deadline: Snarest

 

Mobilkranførar G1

Sunnmøre Kranservice AS søkjer etter kranførar på vår 250 tonn mobilkran.

Arbeidsoppgåver

Størstedelen av våre oppdrag er for bygg, anlegg og verftsindustrien på Sunnmøre. Noko reising og overnatting utanfor kjerneområdet må påreknast i periodar. Det er ein fordel om søkjar er busett eller villig å busette seg innanfor normal pendlaravstand til Ulsteinvik. Ved behov må ein også vikariere på våre andre mobilkraner. Vi har idag 3 stk Liebherr mobilkraner. LTM1060 (2023), LTM1110 (2023) og LTM1250. (2017).

Kvalifikasjonar

  • Førarkort kl BEC(E)
  • Gyldig yrkessjåførkompetanse er ein fordel (YSK)
  • kompetansebevis G1
  • Kompetansebevis G2, G4, G8, T8, M4 er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Å meistre norsk, både skriftleg og munnleg, er eit krav.

Personlege eignskapar

  • Sjølvstendig og løysningsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv og kundevennleg

Vi kan tilby

  • Varierte og spanande arbeidsdagar
  • Kursing etter behov
  • Konkurransedyktig løn
  • Eit godt arbeidsmiljø

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnmøre Kranservice orgnr: 999661203
Kort om arbeidsgiver

Sunnmøre Kranservice vart skipa i 2013. Vi held til i Storehølvegen i Ulsteinvik og driv med utleige av ulike krantenestar. Vi har mobilkraner, lastebilkraner, liftar, tårnkraner og har som mål å tilby eit totalprodukt innan kran- og løfteoperasjonar.

Vi har fokus på HMS og arbeider stadig for at tilsette skal ha ein trygg og god arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø.

Webside https://www.sunnkran.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Maskin- og kranfører
Sted ULSTEINVIK (Adresse: Storhølvegen Postnr: 6065)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist Snarest


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d6c03fda-268e-4ac1-b8e1-818a12e0077d
Stillingsregistrering